TELJING: Det skal monterast teljesløyfe i Filefjellstunnelen måndag kveld. (Foto: Arkiv)

Monterer teljesløyfe i Filefjellstunnelen

Det skal skjerast ned ei sokalla teljesløyfe i vegbana på Filefjellstunnelen i kveld.

Publisert 13.11.2017 kl. 06.30. Oppdatert kl. 06.33.

Den nyopna tunnelen blir difor stengd frå klokka 20.00 måndag kveld og opnar att klokka 06.00 tysdag morgon.


Omkøyring blir på den gamle E16, som etter at Filefjellstunnelen opna, har fått status som fylkesveg 296.


Det er elles meld om snø- og isdekke på fjellovergangane. På E16 over Filefjell er det frisk bris og minus ein grad.


På riksveg 13 over Vikafjellet var det minus to grader, frisk bris og lete snøbyger. Riksveg 52 over Hemsedalsfjellet hadde minus tre grader, frisk bris og opphaldsvêr.


Fylkesveg 53, Tyin-Årdal hadde minus seks grader, lett bris og opphaldsvêr i morgontimane i dag.


Klokka 09.40 melder Vegtrafikksentralen at fylkesveg 13 over Gaularfjellet er open for trafikk etter uvêr.


Siste saker Gå til framsida