Søndag sørga Kristian Fardal Opseth for at Bodø/Glimt tok alle tre poenga med sine to scoringar i opningskampen over Lillestrøm.

Målmaskina starta sesongen med to scoringar

Han sette scoringsrekord i 1. divisjon i fjor. Søndag sørga Kristian Fardal Opseth for at Bodø/Glimt tok alle tre poenga over Lillestrøm.

Publisert 11.03.2018 kl. 23.14.

I 2017-sesongen varta kaupingen opp med 28 mål og vart den spelaren med flest mål i ein sesong i 1. divisjon gjennom tidene. Og det tok ikkje den lange tida før måltjuven hadde scora sine første mål i 2018-sesongen heller.


Då kampen var 25 minutt gamal sende han nordlendingane i føringa i snøkavet på Aspmyra stadion. Opseth var råsterk med mann i rygg og heldt unna før han trilla ballen ned i motsett hjørna med venstrefoten. 


Før denne scorina hadde det allereie vore ein lengre stopp i spelet på grunn av dei vanskelege speleforholda på bana. Etter om ein lag ein halvtime i garderoben kom spelarane ut att på bana og domarane fekk starta kampen att. 


Scoringa til Opseth var det einaste som skilde laga til pause. Men like etter sidebyte utligna Arne Erlandsen sine menn ved Thomas Lehne Olsen. Det såg lenge ut til at det kunne gå mot poengdeling i seriepremieren, men så dukka Brede Mathias Moe opp og sende heimelaget i føringa. 


Og to minutt før slutt sette altså Fardal Opseth den berømte spikaren i kista då han putta sitt andre for kvelden. Opseth fekk gå opp overraskande åleine etter ein corner og stanga inn 3-1 til heimelaget.


 


Les meir om: Sport Fotball Sogndal

Siste saker Gå til framsida