(Foto: Arkiv)

Minister ønskjer innspel

Kjem på synfaring.

Publisert 20.04.2017 kl. 10.00. Oppdatert kl. 16.19.

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale vil måndag 24. april treffe ulike interesser i området Nordfjella for å orientera om styresmaktene si handsaming av skrantesjuke og få innspel på konkrete tiltak som vert vurdert iverksett.


 


Sperregjerdet

Dale vil først synfare området for det planlagte sperregjerdet mellom rein frå Filefjell reinlag og villrein.


 


Utbrot

I april i fjor vart Skrantesjuke (Chronic Wasting Disease/CWD) påvist på villrein i Noreg. Det er fyrste gongen sjukdommen er påvist i Europa. Det er no påvist 5 tilfelle; tre på villrein i Nordfjella og to på elg i Selbu.
 


Rapport

Mattilsynet fekk rett før påske Vitenskapskomiteen for mattrygghet (VKM) sin rapport om Skrantesjuke. Denne risikovurderinga gav Mattilsynet tilrådingar om kva for tiltak VKM meiner er naudsynt å setja i verk. Mange av tiltaka som VKM omtalar i sin rapport er innarbeida i dei forskriftene som Mattilsynet no har ute på høyring.
 
Gjennom vinteren har ulike interesser understreka trongen for at det vert oppført eit gjerde for å hindra at villreinen kryssar grensa og blandar seg saman med rein frå Filefjell reinlag. Dette er òg eit tiltak som er fremja av VKM og er uavhengig av kva ein vel å gjera med villreinflokken i Nordfjella, går det fram av eit skriv frå Landbruks- og matdepartementet.
 
 


Les meir om: Nyhende Placement Lærdal

Siste saker Gå til framsida