Luxusyachten Fountainhead låg torsdag ved Skjolden. (foto: Wenche Schanke Eikum)

Milliardæryacht på cruise i Sogn

Dei siste dagane har luxusyachten Fountainhead vore å sjå i fleire av fjordane i Sogn. Yachten er registrert på den amerikanske milliardæren Edward Lampert.

Publisert 18.06.2017 kl. 15.19.

Fountainhead er ein 88 meter lang luksusyacht, bygd av det nederlandske selskapet Feadship i 2011. 


Den er designa av De Voogt Naval Architects og Sinot Yacht Design. Axel Vervoordt har stått for utsmykking med kunst og antikvitetar.


 


God plass

Produsenten Feadship skriv på sine nettsider at yachten er laga med tanke på familiebruk. Den inneheld rekreasjonsrom og bibliotek på hovuddekket. Begge kan gjerast om til gjesterom.


I tillegg er der seks gjestesuiter, og ein stor lugar for eigaren. Mannskapet og offiserane ombord disponerer ti kabiner.


Eit fullt utstyrt helsestudio og eit symjebasseng er også tilgjengeleg ombord. I tillegg er der ei garasje full av surfebrett, kajakkar, sokalla wawerunners og seabobs, dykkarutstyr med meir.


 


Styrtrik

Det er uvisst om eigaren sjølv er ombord på Sogne-turneen. Edward Lampert er grunnleggjar og eineeigar av selskapet ESL Investments.


I følgje nettsida SuperYachtFan skal han vera god for to billionar amerikasnke dollar, eller omlag 18 milliardar morske kroner.


Den same nettsida fortel at Lampert bur i Greenwich, Connecticut, ikkje så langt frå New York. Han eig også eit palass til 40 millionar amerikanske dollar i Miami, Florida. Det tilsvarar omlag 356 millionar norske kroner. Huset er rekna for å vera det 34. dyraste huset i Florida.


Luxusyachten har vore sett både i Lustrafjorden, Lærdalsfjorden og Aurlandsfjorden.


Siste saker Gå til framsida