Meldt for brot på køyre- og kviletida

Publisert 27.10.2017 kl. 06.06.

Føraren av eit tungt køyretøy vart meldt til politiet, etter ein kontroll på Håbakken torsdag kveld. Vedkomande vart meldt grunna fleire brot på køyre- og kviletida.


Elles melder Statens  vegvesens kontrollørar om at av dei 18 køyretøya som det vart gjennomført kontroll på, var det skrive ut fem bruksforbod og fem mangellappar. To køyretøy hadde for tungt lasss, noko som vart utkvittert med overlastgebyr på høvesvis 5.600 og 3.350 kroner.


I løpet av dei sju timane kontrollørane var på Håbakken, var til saman 73 tunge køyretøy innom kontrollområdet.


 


Siste saker Gå til framsida