VART MELD: Eit selskap vart meld til politiet etter ein kontroll på Håbakken onsdag kveld. (Foto: Arkiv)

Melde vogntogfirma

Eit vogntogfirma er meld til politiet etter ein kontroll på Håbakken onsdag kveld og natt til torsdag.

Publisert 31.08.2017 kl. 06.05. Oppdatert kl. 07.57.

Firmaet blir meld for ikkje å ha kalibrert fartsskrivaren i køyretøyet. Sjåføren vart samstundes meld til politiet for køyring utan skive i fartsskrivaren. 


Det vart totalt kontrollert 14 køyretøy under kontrollen, som vara mellom 18.00 onsdag kveld og 02.00 natt til torsdag, opplyser Statens vegvesen i ei melding.


Fire manglar

Det vart avdekt tekniske manglar på fire køyretøy underkontrollen. Eit vogntog fekk skriftlige manglar på bremsane, då det mangla ABS på tilhengaren.

Ein lastebil vart for tung på framakselen, lastebilen måtte ned på lovlig vekt før vidare køyring.


Siste saker Gå til framsida