MELD: Eit norsk firma vart meld for andre gong på kort tid etter å ha køyrt farleg last utan skikkeleg merking. (Arkivfoto)

Meld til politiet for andre gong

Eit norsk firma vart meld til politiet for farlig godstransport utan å ha merkeutstyr i orden på vogntoget etter ein kontroll på Håbakken måndag kveld.

Publisert 30.01.2018 kl. 06.44.

Same firma vart meldt til politiet for liknande sak berre for ei dryg veke sidan. Firma nytta også førar utan ADR kompetansebevis og føraren vert meld til politiet for å driva ADR farlig godstransport utan å ha ADR kompetansebevis.


Statens vegvesen kontrollerte 12 køyretøy under denne kontrollen. Fem fekk skriftlege manglar, medan tre fekk bruksforbod.


Defekt

Eit norsk vogntog fekk tekniske manglar for luftlekkasjar på bremsar og fjørsystem på vogntoget. Vogntoget hadde også utslitne og delvis defekte kjettingar. I tillegg fekk føraren åtvaring for brot på køyre- og kviletida.


Det same gjorde ein rumensk sjåfør i eit rumensk vogntog.  Han vart pålagt døgnkvile på ni timar før vidare køyring.


Siste saker Gå til framsida