VART MELD: Ein sjåfør av ein turistbuss vart meld til politiet etter ein kontroll i Aurland i helga. (Foto: Arkiv)

Meld for lite kvile

Ein sjåfør av ein turistbuss vart i helga meld til politiet for brot på kviletidsbestemmelsane.

Publisert 04.09.2017 kl. 06.11.

Det opplyser Stetens vegvesen i ei melding.


Statens Vegvesen gjennomførte laurdag føremiddag og søndag ettermiddag kontrollar av turistbussar og førarane av desse, særleg i Flåm og i Gudvangen.


32 køyrety vart stogga, 13 av desse vart nærare kontrollerte.


Seks køyretøy hadde skriftlege manglar, tre fekk bruksforbod etter kontrollen.


Ein sjåfør  av ein minibuss med turistar fekk køyreforbud, sidan han mangla løyve til slik transport.


Siste saker Gå til framsida