Meld for grove brot på køyre- og kviletida

Publisert 03.01.2018 kl. 18.42.

Ein finsk vogntogsjåfør vart onsdag meldt for grove brot på køyre- og kviletid etter ein kontroll på Håbakken i Lærdal. 


Førar hadde berre fire timar og 38 minutt kvile mellom to daglege køyretider. Reglane krev minimum ni timar mellom to daglege køyretider. Sjåføren skal ha hatt ei dagleg køyretid på 14 timar og 19 minutt, der reglane berre tillèt maksimalt ti timar køyring. Førar hadde også fleire mindre brot på dagleg køyretid og på pausar i køyringa. 


Midt i desember vart same førar meldt for særs grove brot på køyre- og kviletid etter ein kontroll i Nord-Norge. Etter samtale med politi vart det opplyst at denne føraren er kjent for dei frå tidlegare saker. Førar har no parkert på Håbakken for vidare oppfølging av politi onsdag kveld og torsdag morgon. 


Totalt kontrollerte Statens vegvesen 13 tunge køyretøy onsdag, medan 56 tunge køyretøy var inne på kontrollplassen. Sju tunge køyretøy fekk skriftlege manglar, medan tre køyretøy fekk bruksforbod. Tre førarar vart melde til politiet og tre sjåførar fekk gebyr. 


Ein av desse, ein norsk førar av eit vogntog, blei meld for fleire grove brot på døgnkvile, køyre- og kviletid. Også ein polsk førar vart meldt for manglande døgnkvile, og for køyring utan bruk av sjåførkort.


Ein norsk lastebil var attrådd avregistrert grunna manglande forsikring. men dette vart ordna opp på kontrollplassen. I tillegg var eit norsk vogntog lasta med gods som gav større breidde og lengde enn det som er lovleg. Vogntoget fekk køyreforbod. Etter å ha søkt om dispensasjon, fekk vogntoget køyra vidare. 


Eit anna norsk vogntog var lasta med ei gravemaskin og fekk køyreforbod grunna teknisk overlast. Vogntoget fekk køyra vidare etter å ha lasta om.


Les meir om: Nyhende Notis

Siste saker Gå til framsida