Meld for dårleg personsikring

Publisert 13.10.2017 kl. 06.09.

Ein bilførar som vart stogga i ein kontroll Statens vegvesen hadde på riksveg 5 ved Museet på Kaupanger torsdag, hugsar sikkert på at passasjerar under 15 år også må ha på seg bilbelte. Dette hadde ikkje den unge passasjeren hans, pg sidan vedkomande var under 15 år, vart bilføraren politimeld for tilhøvet.


Kontrollen vara i sju timar, frå klokka 13.00 til 20.00, og i løpet av desse timane passerte 612 køyretøy. 47 køyretøy vart vinka inn til kontroll, og av desse køyrde åtte vidare utstyrt med mangellapp. Det vart skrive ut bruksforbod på tre køyretøy, og to køyretøy vart avskilta. Ein bilførar fekk gebyr for manglande førarkort, og ein fordi det ikkje var vognkort i bilen.


 


Siste saker Gå til framsida