KONTROLL: Ein sjåfør vart meld til politiet for brot på køyre- og kviletida etter ein kontroll på Håballen måndag kveld. (Arkivfoto)

Meld for brot på køyre- og kviletida

Ein sjåfør frå Ukraina er meld til politet for grove brot på køyre og kviletida.

Publisert 27.02.2018 kl. 06.14.

Det var Statens vegvesen som gjennomførte kontrollen på Håbakken der det ukrainske vogntoget vart stogga. Det var manglande døgnkvile som førde til politimeldinga, opplyser Statens vegvesen. Kontrollen skjedde måndag kveld.


88 køyretøy vart teke inn til kontrollplassen, 14 av dei vart kontrollerte nærare.


Ein sjåfør fekk eit gebyr på 8.000 kroner for manglande bombrikke. To fekk gebyr for overlast, kvar på 3.350 kroner.


Fem sjåførar fekk 750 kroner i bot for feil på dekka, ein for manglande mønsterdjupn og fire for manglandd vinterdekk.


Ein sjåfør fekk eit gebyr på 500 kroner for manglande vognkort.


Siste saker Gå til framsida