GROVE BROT: Ein sjåfør vart meld for andre gong i år etter ein kontroll på Håbakken. (Arkivfoto)

Meld for andre gong

Ein sjåfør på eit utanlandsk køyretøy vart meld for grove brot på køyre og kviletida etter ein kontroll på Håbakken måndag kveld.

Publisert 13.03.2018 kl. 07.04. Oppdatert kl. 07.22.

Det er andre gong denne føraren vart meld for grove brot på køyre og kviletida i 2018. Selskapet vart denne gongen meld for at dei ikkje legg tilhøva til rette for at sjåføren kan følgja køyre- og kviletidsreglane.


Totalt vart det kontrollert 15 køyretøy fram til klokka 03.00 natt til tysdag. Åtte av desse fekk bruksforbod. Ein personbil vart avregistrert då ein tidlegare mangellapp ikkje var ordna opp i.  Denne bilen hadde med seg hengar, denne vart avregistrert.


Med hengar


Tre  estiske køyretøy på estiske prøveskilt vart pålagde å skaffa norske prøveskilt før vidare køyring då det ikkje er lovleg å køyra på estiske prøveskilt i Noreg.

Ein latvisk førar av ein varebil vart også meld for å ha usikra barn i framsetet på varebilen då han kom køyrande på E 16.

Denne kvelds/ nattkontrollen hadde Statens vegvesen delvis fokus på varebilar og bilar med hengar. Dette fordi dei ser at det er mange hengarar på person- og varebilar som ikkje har lysa i orden.

- Me ber om at alle tek ein runde bak hengaren når dei har kopla den på bilen og ser etter at lysa verkar.

Varebilane er også ofte lasta langt over tillate vekter. Dette er dei ikkje konstruert for og vert farlige køyretøy i trafikken ved at køyreigenskapane vert endra og bremsesystemet er ikkje dimensjonert for dette, skriv Statens vegvesen.


Siste saker Gå til framsida