MÅK: Måk taket før det er for seint, er oppmodinga frå Gjensidige. (Foto: Gjensidige)

Meir nedbør og vind på veg: - Måk taket før det er for seint

Oppmodinga kjem frå forsikringsselskapet Gjensidige.

Publisert 23.01.2018 kl. 18.32.

Det blir mykje vær og vind på Vestlandet dei neste dagene. Frå onsdag ettermiddag kan det blåsa storm i fjellet og langs kysten fra Bergen til Ålesund. Vinden minkar torsdag morgon. Det melder yr.no.


- Måk taket

Forsikringsselskapet Gjensidige oppmodar no folk om å fjerna snø frå hustak og hyttetak.
«Mykje  snø kan vera ein betydeleg trussel for hytter og hus om ikkje taka blir måka. Konsekvensane kan bli ødelagde tak og i verste fall bygningar som kollapsar», skriv Gjensidige i ei pressemelding.
- Ein må hugsa på at sjølv om det regnar i låglandet, kjem ofte nedbøren som snø oppe på fjellet, seier Arne Voll, kommunikasjonssjef i Gjensidige.


Redusert erstatning

Årleg får forsikringsselskapa meldt inn fleire hundre skadar der snø har gjort skade på bustader. Tak som får skade av snø vert vanlegvis dekka av av forsikringen. Gjensidige viser forsikringsavtalen der den som eig bygningen er pålagt å fjerna snø jamleg frå tak, vegger, verandaer og terrasser for å førebyggja og avgrensa skadar.
 
- Om påbodet ikkje blir halde kan det medføra at erstatningen for skadane blir redusert, seier Voll.


Les meir om: Nyhende Vêr

Siste saker Gå til framsida