NY NESTLEIAR: Kristin Maursdag, nummer tre frå venstre, vart søndag vald til ny nestleiar i Sogn og Fjordane Arbeidarparti.

Maurstad vann nestleiar-kampen

Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad vart vald til ny nestleiar i Sogn og Fjordane Arbeidarparti.

Publisert 11.03.2018 kl. 15.32. Oppdatert kl. 21.22.

Som venta vart årdølen Hilmar Høl attvalt som fylkesleiar under fylkesårsmåte til Sogn og Fjordane Ap. Då var det meir spenning knytt til kampen om nestleiar-vervet som stod mellom Kristin Maurstad frå Vågsøy og Siri Sandvik frå Eid. 


Fem medlemmer i valnemda innstilte at Maurstad skulle bli nestleiar, medan eitt medlem ville heller ha Sandvik.


NRK Sogn og Fjordane skriv at det kom støttetalar til begge kandidatane då fylkesårsmøte skulle velja ny nestleiar. 


Arnar Kvernevik, leiar i Gloppen Ap, støtta Sandvik.


- Ho er ein modig og dyktig politikar. Ho var ein av dei som tidleg gav uttrykk for kva som måtte vera konsekvensane av varslingssakene i Ap. Ho har ikkje ei forhistorie ho må forsvare, men kan gå sjølvsikkert inn i framtida.


Lokallagsleiar i Vågsøy, Tove Lill Refvik Volle, støtta sin eigen ordførar.


- Vågsøy har aldri hatt ein så dyktig ordførar, er det politiske motstandarar som seier. Me har stor tru på Kristin som nestleiar. Sogn og Fjordane Ap treng Kristin. Og Kristin treng oss.


Opptelinga synte at Maurstad fekk 61 røyster mot Sandvik som fekk 46. Då føreslo Arnar Kvernevik at Sandvik skulle attveljast som kvinnepolitisk leiar, ei stilling som Ragnhild Sæle frå Jølster var innstilt til.


Sæle svara med å trekke sitt kandidatur og kom med støtte til Sandvik, som vart samrøystes attvalt, skriv NRK.


Les meir om: Nyhende Politikk

Siste saker Gå til framsida