FRAMLEIS STENGD: Det blir teke ei ny vurdering klokka 14.00 i dag, onsdag. (Foto: Arkiv)

Mange plussgrader i fjellet og framleis stengt over Vikafjellet

Riksveg 13 over Vikafjellet er fraleis stengd på grunn av ras og fare for nye ras.

Publisert 20.12.2017 kl. 06.20.

Det vil bli teke ei ny vurdering her klokka 14.00 i dag, onsdag.


PÅ fylkesveg 53 Tyin-Årdal var det i morgontimane fire plussgrader, laber bris og regn. Det er vanskelege køyretilhøve på grunn av regn som frys på bakken. Det er isdekke over fjellet.


E16 over Filefjell hadde fem plussgrader, laber bris og regn.


Fylkesveg 50, Hol-Aurland, har fire plussgrader, lett bris og regnbyger, delvis berr og isete vegbane.


Riksveg 50 over Hemsedalsfjellet hadde heile seks plussgrader, regn, isdekke og fare for glatte parti.