Sogn og Fjordane får ei ny storsatsing på breiband. (Foto: Olav Skarsbø/Sogn og Fjordane fylkeskommune)

Luster får millionar til breiband

Breibandprosjektet på Veitastrond og Mollandsmarki får 3,4 millionar kroner.

Publisert 13.09.2017 kl. 00.15.

Sogn og Fjordane får ei ny storsatsing på breiband. Fylket er tildelt 24 millionar kroner frå staten. Pengane fylket får tildelt frå Nasjonal kommunikasjonsmyndighet løyser ut nye millionar frå både fylkeskommunen og kommunane, skriv Fylkeskommunen i ei pressemelding.


- Gledeleg

Innbyggjarane i bygdene som no får breiband, må òg bidra med eigne midlar eller dugnad i samband med den føreståande utbygginga.


Det betyr at når leverandørane går inn med sin del, fylkeskommunen og kommunane sin og innbyggjarane sin, så skal det byggjast ut breiband for over 60 millionar i Sogn og Fjordane. Det gir minst 1900 husstandar breiband med god kapasitet.


- Dette er gledeleg, og det er ei stadfesting på at koordineringsjobben vi gjer gjennom IT-forum og fylkeskommunen gjer ein skilnad, seier styreleiar i IT-forum, Gunnar Hæreid og fylkesdirektør for næring og kultur, Jan Heggheim.


 


Avgjerande samarbeid

Vestlandsforsking har også vore med i søknadsarbeidet, og forskingsleiar Ivar Petter Grøtte meiner samarbeidet er essensielt for å få store tildelingar til Sogn og Fjordane.


- Fylkeskommunen, IT-forum og Vestlandsforsking har jobba med søknaden i lang tid. Tildelinga er eit godt døme på at vi oppnår gode resultat når forvaltning, forsking og næringsliv samarbeider, slår Grøtte fast.


112 millionar siste åra

Fylkestinget vedtok i april 2016 ein ny breibandstrategi for fylket. Målet er at alle bedrifter og innbyggjarar i Sogn og Fjordane skal ha tilgang til eller ha prosjekt for å etablere andre generasjon breiband innan 2020. Strategien er fylkeskommunal, men er avhengig av statleg støtte for å bli realisert.


- Årets tildeling gjer at vi kjem endå nærare å oppnå målet, men det er framleis eit stort behov for vidare utbygging i Sogn og Fjordane, seier Heggheim.


Her er dei prosjekta som får løyving frå Nasjonal kommunikasjonsmyndighet:



  • Mo-Sunde i Førde kommune - 2.500.000 kr

  • Rørstad-Viksdalen i Gaular kommune - 3.150.000 kr

  • Dalsskaret-Ervik i Selje kommune - 1.410.000 kr

  • Restområde i Gloppen kommune - 6.694.800 kr

  • Brekke, Byrknes, Dalsøyra og Eivindvik i Gulen kommune - 6.000.000 kr

  • Lavikdalen og omland i Høyanger kommune - 950.000 kr

  • Veitastrond - Mollandsmarki og omegn i Luster kommune - 3.400.000 kr.


Siste saker Gå til framsida