GLATT: Underkjølt regn gjer at det kan vera glatt på fv. 53 Årdal-Tyin. Biletet er frå Tyinosen tordag morgon. (Webkamear: Statens vegvesen)

Lumskt føre grunna underkjølt regn

Regn som frys på bakken lagar vanskelege køyretilhøve på fv. 53 Årdal-Tyin torsdag morgon.

Publisert 07.12.2017 kl. 06.45.

Slik er vêr- og køyreforholda på dei vinteropne fjellovergangane i Sogn torsdag morgon:


E16 Filefjell


Snø- og isdekke. Klokka 05:40 var det minus 3 grader, laber bris og regnbyger.


Rv. 13 Vikafjellet


Snø- og isdekke. Klokka 17:45 onsdag var det 3 grader, frisk bris og regn.


Rv. 52 Hemsedalsfjellet


Stort sett isdekke. Store kjøretøy bør bruke kjetting. Klokka 06:15 var det 2 grader, lett bris og regn.


Fv. 50 Hol - Aurland


Vekslande bart, snø- og isdekke. Klokka 05:45 var det 2 grader, frisk bris og regn.


Fv. 53 Tyin - Årdal


Snø- og isdekke, vanskelege køyreforhold på grunn av regn som frys på bakken. Klokka 05:30 var det minus 2 grader, lett bris og regn.


 


Siste saker Gå til framsida