Brandangersundet får vakker bogebru

Høge stålprisar gjer at Vegvesenet tenkjer nytt, når brusambandet over Brandangersundet i Gulen skal på plass. Denne brua vil bli slankare og ikkje minst billigare enn bruene som batt Bulandet og Værlandet saman.

Publisert 21.11.2005 kl 14:49 Oppdatert 21.11.2005 kl 14:49

Tips ein venn på e-post:

...
SLANK OG SMEKKER: Om lag slik vil Brandangersundbrua bli utforma. Dette er brua over Bolstadstraumen i Hordaland. Foto: Geir Brekke, Vegen og Vi.
...
LUNARE: Brandangersundbrua blir ikkje så utsett for vêr og vind som Bulandsambandet, seier Aril Hanekamhaug. Biletet er frå då han leia bygginga av bruene mellom Bulandet og Værlandet. Arkivfoto: Ingunn Osland.

- På mange måtar forskar vi på nye løysingar. Men resultatet skal bli både bra og vakkert, meiner prosjektleiar Aril Hanekamhaug.

Bruforma han og dei andre planleggjarane har enda opp med, er nemleg nokså uvanleg på norske vegar. Brandangersundbrua skal byggjast som ein variant av nettverksbogebruene - som det tidlegare berre er bygt to av her i landet.

- Brandangersundbrua kjem til å få ei litt anna utforming enn desse. På denne brua vil dei to bogane som held brudekket oppe, bli laga av røyr. Staga ned til brudekket kjem til å gå rett ned og likne eit slør, medan dei på andre slike bruer er skråstilte og dannar eit nett, seier Hanekamhaug.

Vegvesenet har i dag lite røynsle med denne typen bruer. Difor blir detaljplanlegginga av Brandangersundbrua gjort som eit forskings- og utviklingsprosjekt i regi av Vegdirektoratet.

Etter planen skal det første anleggsarbeidet på Brandangersambandet ta til i mars/april neste år. Innan utgangen av 2008 skal brua og 11 kilometer veg stå ferdig, til ein kostnad som er rekna til 60 millionar kroner - 60 prosent av kva det ville koste å byggje eit frittfram-bygg over sundet.

Tanken er å byggje brua på verkstad medan veganlegget er under arbeid, og løfte det meir enn 200 meter lange bruspennet på plass når vêret er på det finaste sommaren 2008.

Mest lese no

...

Gunn Marit til topps

Nyhende Vann MGP lokal i Florø i kveld. Les meir

...

Køyrde utan lys

Nyhende Frå Hemsedal til Lærdal. Les meir

...

Pass opp for desse

Nyhende Fleire hjortar påkøyrde i går kveld og i natt. Les meir

...

Åtvarar mot svindel

Nyhende Aud G. Lægreid frå Årdalstangen vart forsøkt SMS-svindla. Les meir


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.