...
(Arkivfoto)
Platemelding 

Moden rockedebut

Du trudde kanskje at dei fire i rockeorkesteret (dei kallar seg det) Tyyl! frå Sogndal er nett utklekte frå det stadig meir pulserande rockemiljøet i regionsenteret?

Jan Inge Fardal E-post
Publisert 03.09.2010 kl 15:03 Oppdatert 03.09.2010 kl 15:03

Tips ein venn på e-post:

Dette er ekte vare, dei prøver ikkje å etterlikna verken den eine eller den andre.
...

Plate

  • TYYL!
  • «Ber bod»
  • Tyyl Records/Musikkoperatørene

Vel, framleis unge nok – ja – men slett ikkje nybyrjarar og eit godt stykke unna dei villaste tenåra. Og karane er for lengst flytta frå Sogndal, gitarist Torkjell Solbraa er til og med sopass moden at han nyss flytta attende til heimbygda. Vegard Styve Loftesnes, bass, Håvard Øyrehagen, gitar/vokal og Jon Landsem held seg alle framleis i hovudstaden.

Førstkomande måndag blir kvartetten sitt debutalbum Ber Bod sleppt.

Det er berre å gle seg!

Eg vil karakterisera dette som ein moden rockedebut, og ikkje berre fordi dette er rock på sognemål, med gode tekstar som har både snert og poeng – dette er rett og slett ei glimrande rockeplate.

Dei siste dagane har eg hatt glede av å ha Ber Bod med meg både i bilen og på iPoden både i trening og på sofa og fleire av låtane har festa seg skikkeleg. Eit betre kvalitetsstempel har ikkje eg, enn at eg tek meg i å nynna – eller kva eg no skal kalla det – på melodiar som er så ferskvare som dette. Då har bandet treft noko, spør du meg.

Dette er ekte vare, dei prøver ikkje å etterlikna verken den eine eller den andre. Tyyl! står greitt på eigne bein, og dei er lette å kjenna att når du først er blitt kjend med dei. Dette er eit solid og svært gjennomarbeidd album.

Er det så ikkje noko å setja fingeren på? Vel – hovudvokalist Håvard Øyrehagen si stemme blir kanskje på enkelte av låtane litt skingrande og spinkel, men berre kanskje.

Tyyl har elles markert seg i språkdebatten med sitt klare og eintydige forsvar av i-endingane. Tekstane på debutplata byggjer opp under biletet av fire språkmedvitne, unge menn. (Men stemmer det av Vegard Styve-Loftesnes har endra namnet sitt til Styvi-Loftesnes?)

Eg har til gode å oppleva Tyyl! i levande livet, men garanterer å nytta første og beste høve etter å ha blitt kjend med kvartetten gjennom Ber Bod.

Mest lese no

...

Gunn Marit til topps

Nyhende Vann MGP lokal i Florø i kveld. Les meir

...

Køyrde utan lys

Nyhende Frå Hemsedal til Lærdal. Les meir

...

Pass opp for desse

Nyhende Fleire hjortar påkøyrde i går kveld og i natt. Les meir

...

Åtvarar mot svindel

Nyhende Aud G. Lægreid frå Årdalstangen vart forsøkt SMS-svindla. Les meir


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.