...
VAKKERT: Sigrid Moldestad og Anders Hall i aksjon på Meieriet. No er albumet Sandkorn med på ei eksklusiv topp ti-liste. Foto: Veka TjueTi
Platemelding 

Vemodig og vakkert

Sigrid Moldestad leverte nyleg ein vakker konsert på Meieriet. Der spelte ho smakebitar frå den nye plata, som kom i går.

Jan Inge Fardal E-post
Publisert 09.03.2010 kl 14:36 Oppdatert 09.03.2010 kl 14:36

Tips ein venn på e-post:

Spør du meg, må dette vera ein soleklar kandidat til neste Spellemannspris.
...

Sandkorn har etter det eg forstod på Sigrid Moldestad i Meieriet og kan lesa meg til på omslaget, kome til under litt spesielle tilhøve. Det starta ei magisk jonsoknatt ved fjorden i Vaksdal, og enda opp nokre iskalde, vasslause vinterdagar der gutane i bandet lukta ille etter å ikkje ha fått dusja på tre strake døgn ... I den grad dette har hatt noko med sluttresultatet å gjera, vil oppmoda alle som har tenkt å laga plate om å prøva noko liknande.

For maken til plate! Dette er eit album kjemisk fritt for dødpunkt. Det er vilt, det er vakkert, det er vemodig og det handlar om kjærleik i ulike fasongar, hadde eg nær sagt.

Det reint musikalske er sjølvsagt i dei aller beste hender med svenske Anders Hall på fele, Sigbjørn Apeland, piano, trøorgel osb, Stein Urheim, slidegitar og andre gitarar, Hans-Olav Molde, trommer, Andres Bitustøl, bass og Jørgen Sandvik gitar for å nemna dei som bidreg oftast og mest i tillegg til hovudpersonen sjølv, sjølvsagt.

Men det er dei mange vakre melodiane, og ikkje minst dei vemodige tekstane og Sigrid Moldestad si vakre stemme, som er det mest merkverdige med denne plata.

Vossingen Johannes Gjerdåker har omsett fleire av dens skotske poeten Robert Burns sine dikt, to av dei, mellom anna det vakraste kjærleiksdiktet nokon gong : «Ei raud, raud rose» er med. Det er også eit par tekstar frå Jakob Sande, «Eg ser inn i augo dine» og «Aldri».

Det er, på trass slike tekstar, Sigrid Moldestad sine eigne tekstar og melodiar som gjer sterkast inntrykk. For meg er «Vise til far» det største høgdepunktet på plata. «Blir eg nokosinne klar, blir eg vaksen nok te å klare meg utan ein far», syng Sigrid Moldestad, meir vemodig og meir vakkert blir det ikkje, rett og slett. Denne visa er åleine grunn til å skaffa seg plata.

Men også «Om eg var deg», «Gåta» og «Måneskinslandet» er med på å løfta denne plata opp og fram.

Skulle nokon der ute framleis ha noko som helst att av musikalske fordomar mot ei dame som spelar fele, på grunn av fela, så er Sandkorn det ultimate høvet til, å bli kvitt det ein gong for alle.

Dette er folkemusikk på sitt beste, ja – men det er kanskje like mykje visekunst av eit sjeldan høgt nivå.

Spør du meg, må dette vera ein soleklar kandidat til neste Spellemannspris.

Mest lese no

...

Kalven hadde dagen

Nyhende Den forkomne hjortekalven var på rett stad til rett tid. Les meir

...

– Årdal FK kan verta oppløyst

Sport Årdal FK-leiar Geir Kjetil Øvstetun trur klubben vert oppløyst viss Jotun stiller seniorlag i årets sesong. Les meir

...

Sogndal-Molde på TV

Sport TV-kampane for dei første serierundane i årets eliteserie er klare. Les meir

...

Rask reaksjon hindra større brann

Nyhende Rask reaksjon frå beredskapen hindra at brannen i massefabrikken ved Hydro sitt anlegg i Årdal fekk eit større omfang. Les meir


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.