Publikum song med for full hals.
Full klaff hos en Warner- tilsett som surfa på Myspace, gav Donkeyboy platekontrakt. Då dei gjesta Meieriet, vart det igjen full klaff og flott stemning.
Alle har vel høyrt landeplaga ”Ambitions” det siste året. At fleire hundre sogningar og studentar syng med på nesten alle sangane under konserten, viser tydeleg at Donkeyboy ikkje er eit ”one hit band”, Donkeyboy er kome for å bli.
I konsertlokale ”Tanken” på Meieriet varta dei opp med godlåt etter godlåt, publikum song med for full hals.
Sangaren Linnea Dale, kjent frå Idol 2007, var med som gjesteartist på sangane ”Ambitions” og ”Awake”, og saman med ein korist var dei heile sju artistar på scenen under konserten.
Kanskje ser me Donkeyboy att i Sogndal om ikkje altfor lenge, bandet skrytte av publikum, og dei var tydeleg imponerte over publikum og stemning.