...
Foto: VEKA TjueTi

Paperboys lyfta taket

Paperboys med Vinni i godform leverte ein verkeleg klassikar på opninga av Studentveka TjueTi.

Publisert 18.02.2010 kl 10:13 Oppdatert 18.02.2010 kl 10:35

Tips ein venn på e-post:

Levande musikk gjer Paperboys eit klart løft, og det blir nesten som ein total maktdemonstrasjon innan norsk rap.

Paperboys

...

Konserten går over i historia som den fyrste Paperboys-konserten utan Dj. All musikken var "live”, og Veka-publikumet fekk ei stor oppleving.

Hitparade

Paperboys og Vinni har mange hittar på samvitet, og dei kom på rad og rekkje. Wiggle it drog publikum i gang som låt nummer to, og sidan strøymde det på med Tomorrow, Barcelona og mange fleire. Lonesome Traveller, som har vore ein fast travar på alle radiostasjonar sidan i sumar, drog stemninga kraftig opp sjølv om han kanskje kom litt tidleg på setlista.

Ein kunne kanskje tru at dei brende mykje av krutet for tidleg, men energien og låtmateriale var meir enn bra nok til å fylla ein god time med kun hittar.

Krem-musikarar

Vinni hadde med seg nokon av dei fremste musikarane i Noreg. Det nykomponerte bandet bestod av blant andre Anders Møller, kjend frå Euroboys og Kåre and The Cavemen. Saman leverte dei betre enn ein kunne forventa til å vera fyrste konserten med fullt band.

Med nokre fleire spelejobbar saman, blir dette Noreg sitt udiskutable beste rapband. Levande musikk gjer Paperboys eit klart løft, og det blir nesten som ein total maktdemonstrasjon innan norsk rap.

Frontfigur med stor F

Mange klisjear høver godt til å skildra Vinni sin sceneopptreden. Han er overlegen og suveren i alt han føretek seg og har publikum i si hole hand under heile konserten. Mellom låtane kan han framstå som ein sløv og uinspirert fyr, men når beaten byrjar, så er han heilt i eitt med musikken.

Paperboys opna Veka-konsertane på ein glimrande måte, og neste ut er Donkeyboy som spelar framfor eit utselt meieri torsdag kveld.

Mest lese no

...

Røyk og høg varme

Nyhende Fyr i eit dieselaggregat. Les meir

...

Hopen attende med siger

Sport Ørjan Hopen var attende i Sogndal-drakta då Fyllingsdalen vart slått 4–1 i Sognehallen laurdag. Les meir

...

Jotun fekk juling

Nyhende Trass i massiv støtte frå eit entusiastisk heimepublikum på Leikanger, fekk jotundamene så hatten passa hjå Bækkelaget. Les meir

...

Vann enkelt

Sport Sogndal hadde få problem med å setja Fyllingsdalen på plass. Les meir


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.