...
RUTINERTE: Lava, slik dei framstår i dag, 30 år etter det byrja i eit bomberom i Øvre Årdal.
 

Høgtid med Lava

Veteranrockarane frå Årdal har spelt inn plate saman med Kringkastingsorkesteret.

Jan Inge Fardal E-post
Publisert 26.11.2009 kl 15:26 Oppdatert 26.11.2009 kl 15:26

Tips ein venn på e-post:

...
NY PLATE: Den nye plata til Lava har fått namnet "Symphonic Journey. Live med Kringkastingsorkesteret"

Meldar: Jan Inge Fardal

  • Lava: Symphonic Journey. Live med Kringkastingsorkesteret
  • Selskap: Tylden & Co

Ein gong, i ei ikkje alt for fjern ungdomstid, (utruleg nok kan det verka slik), medan eg tilfeldigvis såg eit program på monopolkanalen som heitte «Husker du» med Odd Grythe & Co., lurte eg på korleis det ville bli når det i framtida skulle mimrast med Stones, Beatles og alle dei andre.

Eg er ikkje heilt der, når eg høyrer Lava saman med KORK (Kringkastingsorkesteret), men det er ikkje langt unna.

Lava er ein institusjon for min generasjon, ein musikalsk påle som vil vera der for all framtid. Alle sogningar var stolte av dette bandet som kom frå Årdal. Det trur eg mange som har vokse til seinare.

No er altså «Symphonic Journey» her, og det er klart for ei høgtidsstund. Lava har spelt inn 13 av sine mest kjende låtar saman med KORK, og tilbyr dessutan ein DVD frå ein konsert på Rockefeller som eit usedvanleg generøst bonusspor.

Sjølv om det er uunngåeleg at fleire av låtane er begge stader, er det til ein viss grad slik at DVD-en fyller ut CD-en også reint musikalsk.

Og dette funkar som berre det. Ei plate som alle lavafans må ha, sjølvsagt. Men skal eg vera heilt ærleg, så hadde eg venta endå større trøkk og ikkje minst «feeling», når Lava står på scena med KORK. Dette er ikkje den beste plata Lava har laga, og eg har vore på fleire konsertar som langt overgår dette.

Så er det kanskje slik, at for oss som var til stades den magiske kvelden på tidleg 1980-talet, kan ingen konsert blir betre enn då Lava og Randy Crawford bergtok Lægreidkjellaren. Det er sjølvsagt blodig urettferdig å samanlikna det med ein meir steril konsert med KORK, men likevel, altså.

«You» live med KORK blir bleik samanlikna med duetten mellom Egil Eldøen og Randy Crawford.

På trass av det altså, er det lite å utsetja på Symphonic Journey. Personleg likar eg versjonane av «Shine a little light» og «Losing you», som strykarane løftar til Moody Blues-høgder, best på denne rundt timen lange høgtidsstunda med eitt av dei beste banda i landet dei siste 20 åra.

Les fleire plate- og bokmeldingar her.

Mest lese no

...

Gunn Marit til topps

Nyhende Vann MGP lokal i Florø i kveld. Les meir

...

Køyrde utan lys

Nyhende Frå Hemsedal til Lærdal. Les meir

...

Pass opp for desse

Nyhende Fleire hjortar påkøyrde i går kveld og i natt. Les meir

...

Åtvarar mot svindel

Nyhende Aud G. Lægreid frå Årdalstangen vart forsøkt SMS-svindla. Les meir


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.