Ei spinningøkt med The Generous Days på øyra kan faktisk bli nokså heftig, meiner platemeldaren til Sogn Avis.
Dei fire, framleis unge, karane i The Generous Days har allereie gledd oss mykje, både på radio og gjennom ein EP som kom i fjor. For dei som har vore på Fresn, er bandet med Erik Grov, Erik Kristensen, Gunnar Husabø og Per Christian Grov "gamle kjenningar".
Det er slik sett mange som har sett fram til det første heile albumet med spenning. No er "These are the Generous Days" i platebutikken og på diverse nettbutikkar.
Innfrir så bandet dei store forventingane, som har bygd seg opp etter at dei har fått både LUTT-pris og mykje positiv merksemd?
Sjølv om me har høyrt fleire av låtane på dette albumet før, er det ingen tvil om at dei gjer det. Kvartetten, som på nokre låtar er forsterka med Eirik Myhr på tangentar, lagar enkel, innimellom litt naiv powerrock med Erik Grovs karakteristiske vokal som fremste kjenneteikn. Tekstane er av det ungdomeleg naive og sjarmerande slaget, rockerebellar er desse karane på ingen måte, det er ingen sterke meldingar ute og går.
Først og fremst set dette albumet det i god stemning, det er ei feelgood-plate. Personleg har eg hatt stor glede av å høyra på plata både i bilen og ikkje minst under trening. Ei spinningøkt med The Generous Days på øyra kan faktisk bli nokså heftig.
Det er i mi verd eit klart prov på at den unge kvartetten har snerka saman ei debutplate som held mål i massevis. Det er bra variasjon, frå rolege og litt såre "Carolina" på den eine sida, og powerlåten "You crazy you" i andre enden. Innimellom er det mykje bra, og berre eit par daudpunkt. Men det er heilt til å leva med på eit debutalbum.
Me håpar på meir frå The Generous Days.