Ord som melodiøst, poetisk og velkomponert kan best skildra debutplata til Lena Skjerdal.
Eit vakkert smykke er ei av mange skildringar av Lena Skjerdal si mørke og mystiske stemme. Stemma dreg deg ned i godstolen og pakkar deg inn med haustmørke.
Debutplata hennar "Home" er melodiøs, poetisk og velkomponert.
Lena Skjerdal er eit relativt blankt ark i den tjukke jazzboka og debuterer no med plata "Home", saman med eigen trio.
I eit forsøk på å følgje oppskrifta: "Korleis lage ei ordentleg jazzskive", har Lena halde seg utanfor den tradisjonelle kakeforma. Det var likevel truleg det smartaste trekket ho kunne gjera, den sterke kvinna med Sogns mektigaste stemme. For å debutera som ein allereie etablert artist innan eit snevert område, er det lurt å kunna spelereglane til fingerspissen før ein legg seg i hardtrening og gjer alt som skal til for å lykkast. Det krev mot å leggja fram livet sitt for heile verda.
Skribentar, politikarar og musikarar er oftast dei som lever liva sine på ein omvendt måte. Jobbane går ikkje ut på å leva med lukka dører, men å vrengja heimen, eigne erfaringar og eige liv, for å finna nøkkelen til den firkanta boksen med suksess. Lena Skjerdal har gått endå eit steg på denne lange vegen opp og inn, då ho fann ei anna form å trå inn i. Det verkar å vera sant, som ho seier i introen, at «å kome heim er for meg å finna roa, ein stad, ein tilstand der alt fell på plass».
Det er ikkje naudsynt å seia at ho med debutplata har kome seg vel heim, men det som òg må påpeikast, er at ho må ha gått ein lang veg, for roa er ein av dei vanskelegaste tinga å finna, her i ei allereie så kaotisk verd. Vegen ho har lagt bak seg, inneheld både år av blindgater, brot på vikeplikta og eit yttarst uvanleg syn på vegarbeid. Men ved å leggja tonar til Ren Powell sine dikt om graviditet, nytta jazzmusikaren Karl Seglem til produsent og ein trio, heimlege nok til å vera Lenas eigne brør, har ho funne fram til sist.
Heimen er ein undervurdert stad. Alt som ikkje burde skje, alt som skjer, og det me ikkje veit skjer, skjer i heimen. Ingen familie er fullkommen. Det finst heller ingen familie som er lik andre sine. Ved å lytte til "Home", er det enklast å tru at lydbiletet gjev deg fullt innsyn i ja, nettopp, Lena sin heim. Slik som bakelydane kan lura deg til å tru at me er i kjøkenet til familien Skjerdal i songen "In the Kitchen", eller sårheita og nærheita som pregar «You Live», der me ser gravide Lena i badekaret ein sein haustkveld.
Like eins "The Shape Of A Woman", som gjev assosiasjonar til unnfanginga til eit av borna hennar. Likevel har eg det synet at ein skribent, politikar eller musikar, ikkje har lukkast før ein nyttar det som ligg nærast hjarta, og gjer det fjernt nok til at alle kan kjenna seg att i det. Akkurat på den måten har Lena fått behalda delar av privatlivet, med å både lukka og opna døra til heimen samstundes. 5 dl sårheit, 4 ss nærleik, 2,5 dl leikenheit, 1 ts modenheit, 5,5 ss kvinneperspektiv.
Lena Skjerdal Trio har ikkje berre nytta desse gode ingrediensane for å få deg til å hugsa plata. Ved å tilsetja dei 10 desiliterane av likeverde i sluttprosessen, har dei skapt eit verk med ein unik klang og energi. Lena Skjerdal er ikkje føre si tid, men lever i ei tid der kvinner må kjempa ein evig kamp på alle plan, ikkje for å få fram likestilling, men for å krevja retten til likeverde. På den måten pregar samtida og kvinneperspektivet dei 10 songane på plata.
I ein rundtur i kvinna sitt indre, viser Lena stolt fram sitt vakraste smykke, ei vissheit om at det går an å lykkast med ei mørk og mystisk stemme som kvinne. Resultatet? Ei blanding av samtidsjazz, prega av ein bluesvokalist som kan bysse dei fleste i søvn, har med sine tre eminente musikarar, poetiske tekstar, og dyktige bakmenn, gjort plata «Heim» til eit viktig album. Sjølv om Lena har klart seg meir enn bra på eiga hand, er det ikkje noko nederlag å samarbeida med andre likeverdige. Vegen hadde nemleg ikkje vore opplyst utan duoen, Magne Thormodsæter på bass, Eirik Håkon Halvorsen på piano, som lett tek to skritt fram og to tilbake, løfter beinet elegant over skuldra, og dansar leike med kvarandre, igjen og igjen, som dei gjer i "Orange Blossom". Likevel er det gjestemusikaren som verkeleg lyser opp vegen for Lena. Trompetisten Per Jørgensen, og sistemann i firkløveret, pregar fire av songane på "Home". Akkurat det høyrest. Trompeten tek dei siste stega for duoen og dreg opp spenninga.