...
SKRYT: Både forfattar Terje Eggum (t.h.) og forleggjar Torkjell Djupedal frå skryt for bok om avissoga i fylket. Foto: Arkiv

Det moderne «På Trykk» i fylket

Terje Eggum har sett ein ny standard, meiner meldar Johs. B. Thue.

Publisert 10.07.2009 kl 10:04 Oppdatert 10.07.2009 kl 10:05

Tips ein venn på e-post:

...

Meldar: Johs. B. Thue

  • Terje Eggum: På Trykk. Avisene i Sogn og Fjordane 1874 - 2009.
  • Forlag: Selja Forlag

Sogn og Fjordane har hatt 16 utgjevarstader for bygdeblad og byaviser. Vi talar om eit avisfylke, med meir enn 50 aviser, frå 1874 og fram til i dag. Gjennom boka «På Trykk» skildrar Terje Eggum avishistoria vår. Boka er likevel noko mykje meir enn ei snever bransjehistorie. Ho fortel også korleis Det moderne nådde grendene i Sogn og Fjordane.

Terje Eggum byggjer opp boka si gjennom tre skilde bolkar: Han byrjar med kapitlet «Aviser i by og bygd». Der fortel han greitt om utgjevne aviser i dei tre fogderia våre. Vi finn utgjevarstader i Florø, Askvoll, Førde, Naustdal, Nordfjordeid, Sandane, Måløy, Stryn, Lærdal, Sogndal, Vik, Leikanger, Vadheim, Høyanger, Balestrand og Årdal. Aviser på nokre utgjevarstader blei berre ein episode, men Vågsøy, Eid, Flora, Førde, Leikanger og Høyanger blei varige mediakommunar. I dette kapitlet, som må ha kosta utruleg mykje finurleg kjeldegransking, får vi også summarisk vita partifargen til kvar avis, og vi får vita om dei avisene som var såkalla «upolitiske» bygdeblad.

Dette fører naturleg over til kapitlet «135 år med aviser». Dette kapitlet er så delt att i ni bolkar. Berre overskriftene fortel mykje om den politiske historia til dette merkeleg fylket: det byrja med Venstreaviser, så svarte Høgre i Nordfjord og Sogn. Tidleg på 1900-talet drar Terje Eggum opp kjende omgrep for å skildra sjølve tida og avisene i tida: Radikalt, liberalt og lokalt. Etter første verdskrig kom avisene for arbeidarar og bønder. Det nye Bondepartiet vann fotfeste nokså snøgt, og stridane i arbeidarrørsla, som loga og brann også inn i dei instefjordbotnane, fann vi att aviser som ideologiske piloddar. Ei fantastisk historie! Men det blei også jakta på upolitiske aviser. Dette ser vi til dømes i Nordfjord, der «Innfjordingen» blei etablert som ein slag høgreving, for det tilsulka, upolitiske Fædrelandslaget. Dei liberale avisene, blant dei Fjordabladet på Eid, inntok ei velsigna kritisk haldning til flørtinga med usminka høgrekrefter. «Innfjordingen» i Stryn var, som Terje Eggum skriv, «ein slags forseinka variant av «Sogningen». Avisa var reaksjonær, storsnuta og rikmålsk så det heldt». Gamal blei ho heller ikkje.

Frå 1933 til 1945 stod kampen om Førde. Den kampen vann «Firda», veit vi. Den avisa fekk også koma ut under heile krigen, og stilte såleis med ein betydeleg føremon i 1945. Avislesing er vane og kontinuitet. Men her må det leggjast til at få pressefolk har reinare hender enn bladstyrar Olai Nordeide i forhold til tysk pressepåtrykk. Det same kan ein sjølvsagt seia om Ivar Tveit i « Sogn og Fjordane» som kom ut gjennom heile krigen, med æra i behald, og vel så det. Pressestrukturen under krigen er eit innfløkt historisk emne. Her maktar verkeleg Terje Eggum å halda tunga beint i munnen. Dei konklusjonane som han drar, kan det vel knapt reisast innvendingar mot. Tvert om: Utgreiinga hans om krigsåra og pressa i fylket er til å få forstand av, djup forstand av.

I tjueårsbolken frå 1945 til 1965 brukar Eggum kapiteloverskrifta «Ap-avisene si stordomstid». Også det er ein korrekt observasjon, med visse atterhald. Dei osloprenta redaksjonelle kommentarane gjorde ofte desse avisene til kjedeleg lesing, utan lokalt ankerfeste, som er sjølve grunnføresetnaden for å laga gode by- og bygdeaviser. Den siste mannsalderen i pressehistoria vår er påklistra to gule lappar: «Tabloidisering på format og innhald» og «Storeigarane på offensiven». Også her er alle hovudelementa med. Vi ser korleis partibanda losna, korleis opplaget krympa etter toppåret 1965. Dei skarpe pennane blir erstatta av maskiner som talde kronestykke.

Det er mange måtar å lesa boka til Terje Eggum på. For det første er ho sjølvsagt ei faktabok, om avisene våre. Men indirekte fortel ho også om dei politiske partia og dei politiske rørslene i Sogn og Fjordane. Mykje interessant er det såleis å sjå kva for parti som fekk hand om lesarar og opplag. Eg stoggar litt opp med partiet Moderate Venstre. Dette partiet kløyvde gamle Venstre og fekk fotfeste på Vestlandet, særleg i kystområda. Men noko varig avis fekk ikkje dette partiet i Sogn og Fjordane. Moderate Venstre var Sverdrup-familien sitt parti. Dei som sat ved roret i dette partiet, fekk karakteristikken «Kaniner» av Alexander Kielland. Det er grundig påvist at steget frå Moderate Venstre til Høgre var kort. Slik blei vestlendinganehøgrefolk. I dag, ser vi merkeleg nok, at dei gamle ModerateVenstreområda er blitt Frp-land. Alt heng saman med alt, også i politikken.

Kristendomen, den pietistiske og strenge, høyrer til blant omgrepet motkultur. KrF, hordalandsfenomenet, stod for mykje av det motkulturelle, men noko partiorgan eller avis for KrF blei aldri etablert i Sogn og Fjordane. Her har eg eit personleg minne: Morfar min stod trygt planta i ei vestnorsk kristendomsforståing. Han las mykje aviser, og smilte i grunnen berre når han saumfor leiarane til Per Håland i «Gula Tidend. Når han derimot kvilte middag på sofaen sin på kammerset, la han alltid «Dagen» over auge og ansikt. Myrkna blei tryggast då. Men «Dagen» kom ut i Bergen. Bergen, og i like stor grad Stavanger, var arnestaden til den mørke kristendomen. Slik er det i grunnen enno.

Først og fremst er likevel boka til Terje Eggum eit studium i modernismens lange inntogsmarsj i fjordfylket. Modernismen bygde på idear og ideologiar som kunne oppstå langt borte, ofte iframande statar, men modernismen blei også broten ned på det lokale planet...

Avisene våre er eit døme på dette. Samtidig opnar denne typen historiske arbeid for nye synsvinklar på utviklinga av samfunnet vårt. Her er brøytt ein forskingsveg som andre vil ha stort utbyte av.

Terje Eggum har sett ein standard for denne typen historieskriving, slo redaktør Olav Kobbeltveit i Bergens Tidende fast i si melding av «På Trykk». Det er eit synspunkt eg deler fullt ut. Ros også til Selja Forlag i Førde som har gjeve ut ei nøktern bok, i hendig format. Bokutforminga har Torbjørn Rørvik frå Kaupanger hatt ansvaret for. Rørvik er ein flink formgjevar og boksaumar. Vi er på høgd med dei fleste i landet på dette området.

Mest lese no

...

Røyk og høg varme

Nyhende Fyr i eit dieselaggregat. Les meir

...

Hopen attende med siger

Sport Ørjan Hopen var attende i Sogndal-drakta då Fyllingsdalen vart slått 4–1 i Sognehallen laurdag. Les meir

...

Jotun fekk juling

Nyhende Trass i massiv støtte frå eit entusiastisk heimepublikum på Leikanger, fekk jotundamene så hatten passa hjå Bækkelaget. Les meir

...

Vann enkelt

Sport Sogndal hadde få problem med å setja Fyllingsdalen på plass. Les meir


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.