I iveren etter å laga ei god gitarplate, gløymer Mistur at det også er andre instrument i dette bandet.
Det er alltid kjekt å høyra svartmetall frå Sogn.
Ikkje berre er den eit viktig bidrag i å dempa indie-bølgja som enno ikkje har hatt vet til å trekkja seg attende, men den er også alltid velspelt, godt komponert, godt arrangert og som regel også godt produsert.
Det er likevel ofte einskilde element som ikkje er like velgjorte som andre. Her er det vokalen.
Den raspete vokalstilen, som er eit av dei lettast attkjennelege varemerka til denne sjangeren, kan nok for mange vera ei barriere ein må overkoma før ein kan lytta ope til black metall.
Ei innvending mot teknikken, kan vera at den ikkje utnyttar potensialet i vokalen som eit unikt melodisk og artikulerande instrument. For kva er poenget med ein vokalist dersom ein gitar med vreng kan gjera den same jobben?
Hjå Mistur er denne problematikken svært tydeleg.
I tillegg til å ha skrive, i hovudsak, keisame og monotone vokalliner, gjer produsenten sitt val av mykje gitar og lite vokal, at der det er mogleg å spora gode vokalmelodiar (t.d. i «Skoddefjellet»), druknar dei i ein graut av lyd som gjer allereie utydelege tekstar enno verre. Når vokalen heller ikkje teknisk held same nivået som til dømes gitarspelet, blir poenget ytterlegare understreka.
Det er ikkje dermed sagt at vokalen er dårleg. Tvert om, det krev god teknikk å syngja black metal. Problemet er hovudsakleg måten vokalen vert brukt på denne plata – som eit obligatorisk element, som har fått for lite merksemd i produksjonen.
På minus-sida bør også trommene nemnast.
For sjølv om trommeslagaren spelar stort sett prikkfritt, så hadde ein kanskje forventa noko litt mindre føreseieleg frå eit band som leverer ei så god plate elles.
Det er nemleg alt i alt eit godt produkt dette. Mykje takka vere gode arrangement og godt gitarspel.
Gruppa jobbar innafor ein tradisjon der låtar vert bygde kring gitarriff (i motsetnad til akkordbaserte låtar), sjølv om einskilde meir akkordbaserte parti førekjem her og der.
Låtane er progressive, ofte med innslag av rolege parti som gir naudsynte kontrastar, og har i stor grad ein ABCD(osb)-struktur.
At gruppa klarar å fylla låtane med ei rekkje ulike parti, der alle faktisk er råtøffe, og at gitaristane alltid har spanande ting å levera, er plata sitt salsargument nummer ein.
Når låtane i sin heilskap også kan karakteriserast som råtøffe, kan ein trygt slå fast at denne plata er verdt eit lytt.
Så får me heller tåla det superharry synthorkesteret/-koret og den tamme cymballyden.
Og kanskje bør me også prisa oss lykkelege over at vokalen er litt for låg. Slik slepp me å høyra dei vikingforherlegande tekstane, og kan i staden nyta det Mistur er best på: GITAR!