Eva & The Heartmaker si siste plate viser at dei er så mykje meir.
Dei er ikkje berre ektevigd, ein glimrande popduo, blond og mørk eller ying og yang. Eva & The Heartmaker har med «Lets Keep This Up Forever» vorte så mykje meir.
Det er sant at nordmenn gjer det godt som musikarar for tida. Ein kan godt skryta av Rybak som tok Europa med storm og Turboneger som framleis held jarnet varmt verda rundt. Men det har eg ikkje tenkt å gjera. Faktisk hadde det vore utruleg idiotisk å skryta av desse når me har vår eigen vesle artist-elite. Ja, du las riktig. Det er faktisk sogningane som har brøyta seg veg gjennom asfalten den siste tida. Tone Damli Aaberge gav i mars ut eit poppa album, førre veke kom Seglem med si unike jazzplate, og i denne veka kom Eva & the Heartmaker ut med «Lets Keep This Up Forever». At me her i Sogn kan plukka korga full av saftige musikalske godbitar er i alle fall inga løgn.
Eva Weel Skram frå Sogndal deltok på Idol saman med Tone i 2005, og det var då tjueåringen fyrst fekk eit kort glimt inn i Noregs musikkbransje. At ho ikkje gjekk til topps her, er klart fordi ho nekta å føya seg etter Idol sin tilgjorte og uoriginale stil. Eva hadde allereie då noko ekte. I stemma, klesstil og i åtferd. At Idol øydela byrjinga av unge Weel Skram si karriere er ikkje å overdriva, men ein positiv ting kom då ut av tv-sirkuset, og som eg kan vedde på at er noko ho ikkje vil vera forutan. Eva møtte nemleg den noverande ektemannen og ingen ringare enn Thomas Stenersen eller «the Heartmaker». Tidlegare har den musikalske hardtarbeidande karen jobba med fleirfaldige kjende artistar, men alltid i bakgrunnen. Saman med Eva får han verkeleg vist kor stor musikar han eigentleg er og han krydrar til popen med godt gitarspel og instrumentalske innslag. At dei er gift og likevel så samkøyrte er eigentleg ganske utruleg. Ein kan godt seie at utan Thomas hadde nok ikkje Eva kunne produsere ei så god vare, men utan Eva hadde Thomas alltid vore usynlig. Saman derimot vert dei dynamitt.
Dei to store hittane frå den nysluppne plata «Superhero» og «Please» har forlengst vorte nynna på i butikkar, på puben og kanskje til og med i tannlegestolen kring heile landet. At desse vart populære så fort gjorde nok sitt til at forventningane til plata også vart skyhøge. Derfor er det utruleg å lytte til resten av repertoaret og skjønne at desse ikkje er noko dårlegare. Både «Let`s Hit the Road Jack», «Charming Sexy», «Possible Escape/possible Mistake» og «Made of Honour» har alle eit spesielt vesen, og tek deg tilbake til 60-talets glade dagar. At eg allereie etter eit par dagar kan melde på 4 nye songar til VG-lista, er ikkje ofte ein kan gjere.
Likevel er det ein ting som hindrar meg å ta plata under armen og påkalla myndigheitene og seie at me har funne ein revolusjon innan norsk pop. På heilheita av plata gjer det meg ingenting, men for min eigen del vart eg litt skuffa då eg opplevde songen «A Potion of Lust» som også var med på Eva & The Heartmaker si første plate «Behind Golden Frames». Då i eit roleg tempo der vokalen stod i sentrum. På «Lets Keep This Up Forever» kjem min eigen yndlingssong av Eva, i eit nytt lys. Men det er for kvitt og sterkt til å kunne bidra på ein så kjenslelada song. Vokalen har vorte overkøyrt av fleire instrumentale bidrag enn songen hadde godt av. Eg er kanskje ein smule konservativ, men eg må seie at eg likte songen mykje betre før den vart «klussa» med.
Men det er heilskapen som tel, og ein legg fort merke til kva det er som lyftar «Lets Keep This Up Forever» i forhold til platedebuten. Før var dei ikkje heilt «der ennå», no er dei verkeleg her for fullt. Det kan ein sjå på dei små detaljane som reinser samt tek eit skikkeleg oppgjer med songane. Som på songen «Possible Escape/Possible Mistake» der Thomas filleristar songen med ein nydeleg gitarsolo. Eller «Missisippi» der tubaen saman med fiolinspel tek over sluttpartiet av songen, og gjev den heidrundandes mykje liv. Særpreget til Evas stemme får også full utteljing på denne songen der ho får vist at ho har fått eit breidare stemmespekter. Men ein er nesten nøydd til å like stemma hennar, elles blir songar som «Mississippi» plagsomme og høyre på. Heldigvis set eg pris på desse små detaljane. Det verkar som at Eva og Thomas endeleg har valt den riktige vegen å gå vidare, i eit stort og uoversiktleg vegskilje. At dei går saman er rørande og gjev meg eit ørlite hjartebank i at noko så ekte, framleis finst der ute.
Riksavisene gjev sogndalsjenta Eva Weel Skram toppkarakterar for den nye plata», kunne Sogn Avis tidlegare i denne veka melde. Nok eit prov på at Eva endeleg har stått opp og teke hemn med å senka stemmene ho ikkje fekk under Idol-sirkuset då fjortisane hadde stemmerett. At såkorna ho har hausta derimot er frå nokre gamle, sure vriompeisar av nokre meldarar, er kanskje det mest imponerande. For å seie det på ein overfladisk måte, det var ein grunn til at ho klarte å sjarmere grinebitarane. Duoen Eva & the Heartmaker, ekteparet Skram & Stenersen, Sogndal & Bardufoss, har i lag gjort det umoglege nemleg å lage ei popkunstplate utan å følgja i andres fotspor. Etter denne plata kjem det til å bli barnemat å hoppe etter Wirkola i forhold til å spela inn popplate etter Eva & the Heartmaker.