Alt før lanseringa har fleire kritikarar skamrosa det femte verket om politibetjent Rolf Randen og utnemnd forfattar Rune Timberlid til Riverton-kandidat. Det er ikkje utan grunn, meiner Sogn Avis sin meldar.
Formkurva til Timerlid har vore stigande sidan debuten Red Mercury i 2003 og produksjonen har vore jamn med ein roman i året, men det er truleg med Operasjon Siskin at han for alvor vil spela seg inn i eliteserien av norsk krim.
Før han tok til på arbeidet med Operasjon Siskin, uttala forfattaren at han denne gongen ville ta seg betre tid og jobba meir med å utvikla og styrka persongalleriet, som i hovudsak krinsar rundt ein skilt lensmannsbetjent i slutten av 30-åra. Det er truleg også forklaringa på at Rolf Randen no framstår som meir disiplinert både i jobben og på heimebane, der han no er vorten heiltidspappa for 16 år gamle Sara.
Handlinga krinsar rundt overfallet og seinare mordet på ein velståande forretningsmann i Førde, attentatforsøk på den arrigaste konkurrenten hans, gamle familieløyndommar som sjølvsagt kjem opp i dagen og det brutale MC-miljøet på Kaupangerskogen. Felles for ei rekkje av hovudpersonane er at dei ikkje kvir seg for å ta brutale metodar i bruk for å oppnå rask rikdom.
Nye takter frå Timberlid er å rulla opp eit parallellplott frå 1945 med motstandsrørsla i Høyanger og sabotasje rundt aluminiumsproduksjonen som tyskarane styrer med jarnhand, og det er kanskje spesielt i desse delane at han verkeleg meistrar spenninssjangeren til gagns.
Sidan sist er Rolf Randen som nemnd blitt meir reflektert og ansvarsmedviten, og det same kan også seiast om forfattaren, som leverer sitt mest solide verk reint språkleg så langt, og om Riverton-ideen til Dagbladet ikkje skulle bli realisert, er det absolutt på sin plass med ei merksemd frå målrørsla, for i Rune Timberlid har nynorsken ein framifrå ambassadør.
Balansegangen mellom miljøskildring og det som er relevante opplysningar til lesaren i høve til handlinga er stramma godt opp og dialogen flyt lett og meir naturleg enn før og gjev ein ytterlegare dimensjon av truverde.
Det same gjer det faktum at forfattaren tydelegvis har gjort eit særs grundig researcharbeid medan denne boka vart til, og med skildringane av naziregimet i Høyanger under krigen, kameratskap, smerte, svik og tortur maktar Timberlid å festa grepet om lesaren på eit måte som ofte gjev assosiasjonar til Henning Mankell.
Litt oppsiktsvekkjande er det kanskje at ein garva bladfyk som Rune Timberlid let den fiktive Firda-redaksjonen operera stort sett utelukkande med anonyme kjelder og spekulasjonar i oppslag etter oppslag, men det er heller ikkje så vanskeleg å tilgje med tanke på at den sensasjonshungrige pressa er blitt ein obligatorisk ingrediens i skriftlege verk om politiarbeid. Det er i alle høve ingen tvil om at Operasjon Siskin er meir actionprega og dermed held høgare tempo enn nokon gong og femmaren han får er både sterk, solid og vel fortent og me ventar spen på kven som skal spela hovudrolla i TV-serien NRK absolutt bør vurdera å produsera.