VIK: Trur du stort frisørforbruk berre er ei kvinnegreie?
Monicasalongen har gutekundar som svir av tusingen i månaden, på sveisen sin.
– Gutane fokuserer meir på håret enn før, seier Monica Midlang, som eig og driv salongen på Vikøyri.
Det ryk fort tusen kroner når ein skal tilbringa eit par timar i stolen. Ei økt omfattar vask, styling og klypp.
Heimebleiking
Denne dagen er det Svein Ola Lunde som utfordrar jentene i Monicasalongen. Frisørlærling Mia Sæterlid er i full gang med å vaska håret hans. I ein annan stol sit Rune Følid, Sølvi Vangsnes klypper på harde livet i den kraftige luggen.
– Det veks som ugras, klagar 16-åringen i stolen, som aldri skal inngå eit veddemål meir med håret som innsats. Han tapte og måtte heimebleika hidnao si, men den mørke botnen tek snart over att.
Fleire hender
– Gutane kjem inn og skal ha heile pakka, fleire kjem jamt kvar 4. veke, seier Mia, og trimmar rundt øyrene på kunden.
Monicasalongen har drive i snart femten månader. Ho tek i mot kundar av båe kjønn, og gutane aukar som gruppe. Vik har to salongar no, det er ikkje om å gjera lenger for vikjene å dra over fjorden for frisørtime.
– Det er stor pågang, seier Monica, og er glad for at Sølvi Vangsnes snart er formelt på plass i salongen hennar.
Tilfredse kundar
Svein Ola likar seg hjå Monica.
– Dei er aktive og kreative, det set eg pris på, seier han, og vedgår at han er storforbrukar av frisørtenester.
Sølvi har seks års fartstid i ein salong i Bergen. Ho likar kravstore kundar.
– Det blir ei utfordring å koma kunden i møte, det gjev variasjon og gjer yrket spennande, seier ho, og Mia istemmer:
– Frisøryrket gjev rom for å skapa og gjera kunden tilfreds.
Skulen i Høyanger
Mia gjekk på som lærling i fjor. Tre år i salongen, sidan går turen til Høyanger, einaste frisørlina i fylket.
Men det er stor pågang, skulen i Høyanger har venteliste. Og ikkje ser det ut som at behovet for frisørar skal falla, folk brukar stadig meir pengar på håret sitt, velvere av alle slag er prioritet nummer 1. Monica er frå Feios, som Mia, og har kundar frå heile kommunen.