VIK: Etter lufteturen er det tid for pupp, latte og vaffel på ostebaren.
Måndagar og onsdagar. Frå banken i 12-tida. Timeplanen vidare er ein god runde i bygda. Med trillevogn. Nybakte mødrer er klar for luftetur i temmeleg digert følgje.
Populær runde
10 mammaer med trillevogn er heilt vanleg, sist onsdag vart det tangering av rekorden på 14. Med maks utteljing ville kortesjen talt så mange som 20.
– Det er ikkje alltid trilleturen klaffar for alle, seier Britt Valsvik, som tok initiativet til det uformelle tilbodet i lag med Olaug Endestad.
Trimavgangen er blitt ganske så populær.
– Faktisk er det dei som kjem og spør: «Kan me få vera med». Og det er klart! Her er alle i velkomne. Me har hengt opp småe plakatar med kjapp tekst om trilleturen, seier Britt Valsvik.
Ostebaren
Mødrene er i mål etter bygda rundt, med rosa kinn og svoltne babyar som får pupp når dagens bestilling er gjort i ostebaren.
Meieriet er landets einaste med skjenkjeløyve, mødrene hoppar galant over raudvinen og vel seg godsaker som frisk bringebærjuice, kaffi latte og gamalostbrød med herlege ostar dandert utover med druer og paprika som garnityr.
Nysteikte vaflar dukka nyleg opp på meierimenyen.
Tips og luretriks blir utveksla når langbordet i baren er okkupert av damene.
– Og så er det ein flott måte for tilflyttarar å bli kjende med oss vikjene, seier Britt.