Med ladde børser

LEIKANGER: – Her ligg ein farleg gjeng!

Publisert 28.01.2008 kl 14:50 Oppdatert 28.01.2008 kl 14:50

Tips ein venn på e-post:

...
STØDIGE AVTREKK: Torbjørn Strømseng har vore på standplassen sidan klokka 9. 74-åringen avslutta med 49 poeng, av 50, i siste serien. Foto: Gunnar Kleven
...
SUPERVETERANEN: Ragnar Husabø er still going strong, 79 år om mindre enn ein månad.
...
TOPP MODERNE: Elektroniske skiver avslører treffet. Frå 25. desember til 22. januar er 16,104 skot avfyrt. I aksjon: Lars Lefdal.

Seier sjefen for skyttarane på Systrond. Lars Lefdal (69) er klar for personleg sesongopning. Kaliberet er 22 og nedre aldersgrense er minimum 60.

Oppover på skalaen er det fritt fram. Karane som stiller med miniatyrgevær er både 70 og nesten 80 år.

Lars Lefdal blir så smått klar. Litt smårusten, litt småspent.

Pensjonistar

– Her er kø frå klokka ni og utover føremiddagen, seier Lars i kjellaren på Hermansverk med 15 meters bane for miniatyr.

Pensjonistane dukkar opp etterkvart, kler seg om i lær og inntek standplassen etterkvart som det blir ledig.

Betyr mykje

– No gir eg meg!

Torbjørn Strømseng har vore i sving sidan klokka var godt 9. 74-åringen er brukbart nøgd med prestasjonen. To seriar på 47 – av 50. Siste runden var hakket betre.

– Med 49 er det ikkje stort meir å gå på, seier Torbjørn.

– Kva betyr tilbodet om tysdagane?

– Temmeleg mykje! Spesielt for oss som har drive med skyting ei stund, seier Torbjørn, som har halde på sidan han fekk lov til å ta i ei børse.

Mest lese no

...

Røyk og høg varme

Nyhende Fyr i eit dieselaggregat. Les meir

...

Hopen attende med siger

Sport Ørjan Hopen var attende i Sogndal-drakta då Fyllingsdalen vart slått 4–1 i Sognehallen laurdag. Les meir

...

Vann enkelt

Sport Sogndal hadde få problem med å setja Fyllingsdalen på plass. Les meir

...

Jotun fekk juling

Nyhende Trass i massiv støtte frå eit entusiastisk heimepublikum på Leikanger, fekk jotundamene så hatten passa hjå Bækkelaget. Les meir


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.