Jobbar på spreng

LEIKANGER: Arbeidsfolka i Fatlaberget gjer store framsteg inne i fjellet.

Publisert 22.01.2008 kl 13:08 Oppdatert 22.01.2008 kl 13:09

Tips ein venn på e-post:

...
STYRER BORET: Riggførar Ole Bjørn Sande i Mika syter for at sikringsbolter og sprengladningar kjem på rett plass under tunneldrivinga i Fatlaberget. Her er han på jobb 1,2 kilometer inne i fjellet. Foto: Ole Kristian Åset
...
NØGDE: Prosjektleiar Susanne Svardal og byggjeleiar Sverre Kjos-Wenjum er nøgde med at entreprenørane gjer gode framskritt inne i fjellet.
...
BYGGJER BRU: Gjermund Høgheim frå Leikanger (t.v.) og Folke Gunnarsson frå Sverige på arbeid ved Fatlaelvi, der to bruer skal byggjast.

Inne i tunnelen er arbeidsfolk frå Mika i gang med å sikra dei siste tunnelmetrane med boltar og sprøytebetong etter siste sprenging.

Der tunnelriggen stangar mot fjellveggen, ein dryg kilometer inn frå opninga ved Fatlaelvi, ligg ei skarp lukt av sprengstoff i lufta. Sterke lyskastarar skin på massivt, grått fjell.

– Inspirerande

– Arbeidet går jamt framover, og det er inspirerande å vera med å betra tilhøva for folk her i området. Og det trengs, for dette er ein av dei dårlegaste plassane eg har vore på anlegg, seier riggfører Ole Bjørn Sande, før han klatrar opp i styrhuset på tunnelriggen.

Eit øyredøyvande kvin skjer gjennom lufta i det Sande styrer boret opp i tunneltaket, for å gjera plass til ein ny sikringsbolt.

Opning i desember

Førre veke sette tunnelarbeidarane ny rekord med heile 91 meter ny tunnel, og ifølgje framdriftsplanen kjem gjennomslaget første veka i april.

– Tunnelopninga er sett til desember 2008, og det er heilt usannsynleg at tunnelen kan bli opna noko før det. Etter gjennomslaget er det ein stor jobb med vass- og frostsikring, bygging av vegbane og tekniske innstallasjonar, og det er eigentleg veldig kort tid frå gjennomslaget til opninga, seier prosjektleiar Susanne Svardal i Statens vegvesen.

Mest lese no

...

Røyk og høg varme

Nyhende Fyr i eit dieselaggregat. Les meir

...

Hopen attende med siger

Sport Ørjan Hopen var attende i Sogndal-drakta då Fyllingsdalen vart slått 4–1 i Sognehallen laurdag. Les meir

...

Vann enkelt

Sport Sogndal hadde få problem med å setja Fyllingsdalen på plass. Les meir

...

Jotun fekk juling

Nyhende Trass i massiv støtte frå eit entusiastisk heimepublikum på Leikanger, fekk jotundamene så hatten passa hjå Bækkelaget. Les meir


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.