ÅRDAL: Dei greier ikkje heilt å fri seg frå læraryrket, pensjonistekteparet
Arna Engen og Arne Berge.
No brukar dei fritida til å gje leksehjelp til elevar på ungdomssteget ved Farnes skule. Og dette arbeidet gjer dei gratis.
– Det er kjekt å bruka dei ressursane me trass alt sit inne med etter meir enn 40 år i faget. Dette er ein meiningsfull måte å bruka tida på, seier Arna.
Treng fleire
Arne seier dei kom med på dette via Røde Kors.
– Eg tykte dette var ein veldig god ide. Det er sikkert andre pensjonistar også som kan bli med på dette. Me har plass til fleire. Kan me hjelpa elevar til eit betre resultat, så har me gjort ein god jobb.
Leksehjelpa er to gonger i veka og det dukkar opp 15 til 20 elevar kvar gong.
Alle som vil
Rektor Stein Idar Sem-Johansen opplyser at det slett ikkje berre er elevar med faglege vanskar som vil ha hjelp til leksene.
– Her har me ei god blanding.
Han set naturleg nok stor pris på at tidlegare lærarar som Arne og Arna tek i eit tak på denne måte.
Set pris på
Og elevane set tydeleg også pris på ordninga med leksehjelp.
– Lærarane er så snille og flinke til å hjelpa, seier Runa Storli Øvstetun.
Kristin Haug Moen er samd.
– Det er kjekt å vera her. Og du blir jamvel heilt ferdig med leksene, slik at du kan bruka kveldane til andre ting.