VIK: – Eg må begynna med øyra. Det er så godt! seier Johanna Fosse Refsdal – klar for delikatessa som har vorte litt trendy.
– Mmm! Nydeleg! men det er litt heitt enno, smattar Johanna som forsyner seg av godsakene først.
Øyret er den aller beste delen av smalahovudet for dama som verkeleg kan kunsten å fortæra ein saueskalle.
Debutant
Ved den andre bordenden er Hilborg Feet ein smule reservert.
– Eg har aldri ete smalehovud og må gløtta til sides for å sjå korleis ein skal gjera det, seier Hilborg og medgir:
– Det var godt!
Men så var det kjaken Hilborg forsynte seg av først. Her er kjøtet av ypparste kvalitet og faktisk betre enn pinnesidene.
27 halve hovud
«Har du ein ekstra pølsebit?»
Vertskapet er kjappe på labben, serverer pensjonærane med proft tempo. Den eine tallerkenen etter den andre blir svinga utover langbordet i velferdssenteret. Her blir middag servert kvar bidige torsdag. Den 18. oktober var uansett spesiell.
– Faktisk var det eit tips frå eit par av senterbrukarane at me måtte koka smalehovud til middag. Me tenkte «kvifor ikkje» og slo til på menytipset, seier Bjørg Grønsberg.
Kokke Berit Bolstad har djup kasserolle som rommar ein haug smalehovud. Ladningen torsdag rakk til 27 middagsgjester.
– Me har kokt sjølv, men me fekk hjelp til nepestappa. Den har kjøkkenet ved Vik bygde og sjukeheim i nabolaget ekspedert, forklarer Berit Bolstad, som har kome halvveges ned i panna.