Fleire på same snøret

VIK: – Det er skjønt å sitja på brygga her med fiskestanga, seier Helmut Kuchel frå Hamburg.

Publisert 23.07.2007 kl 12:54 Oppdatert 23.07.2007 kl 12:54

Tips ein venn på e-post:

...
SILDEBLINK: Helmut Kuchel frå Tyskland har spesialisert seg på å fiska sild frå kaien i Vik. Med fem krokar på sena, får han ofte napp. Foto: Ole Kristian Åset
...
TRUR PÅ LAKS: Laksefiskarane Rolf Sørensen og David Vogt håpar at laksen snart vil bita. Foto: Ole Kristian Åset
...
KALDT VATN: John Karlsen frå Hasvik i Finnmark trur kaldt vatn er grunnen til at laksen ikkje vil bita. Foto: Ole Kristian Åset

Tyskaren har slått opp krakken sin ved ferjelemmen i Vik, og slengjer ut snøret med heile fem krokar på.

– I går fekk eg ti sild, og eg likar godt sild steikt i panne, seier Kuchel, som insisterer på at han berre snakkar tysk.

Årvisse gjester

Det er særs fredeleg i Vik denne torsdags morgonen, og på god avstand høyrer ein bruset frå den vassrike Vikja. Nedst i osen sit John Karlsen frå Hasvik og svingar slukstanga, på ferie i Vik for sjette året.

– Elva her er flott tilrettelagt, og eg trivest godt på ferie her i bygda. Men fisket har vore dårleg så langt, kanskje på grunn av kaldt vatn. Men Vikja er jo ein sein elv, så det kan nok komma, seier finnmarkingen.

Austlendingar

På andre sida av elva kvin det i lufta medan Rolf Sørensen frå Hvaler og David Vogt frå Hvasser fleksar med flugestengene.

– Det er få lakseførande vassdrag der me kjem frå, så me gler oss over å koma ein stad der det er laks, seier Sørensen.

Mest lese no

...

Røyk og høg varme

Nyhende Fyr i eit dieselaggregat. Les meir

...

Hopen attende med siger

Sport Ørjan Hopen var attende i Sogndal-drakta då Fyllingsdalen vart slått 4–1 i Sognehallen laurdag. Les meir

...

Vann enkelt

Sport Sogndal hadde få problem med å setja Fyllingsdalen på plass. Les meir

...

Jotun fekk juling

Nyhende Trass i massiv støtte frå eit entusiastisk heimepublikum på Leikanger, fekk jotundamene så hatten passa hjå Bækkelaget. Les meir


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.