Råskinn med 505 hestekrefter

VIK: Har du røvi smekkfull av pengar, går det så avgjort an å importera ein Corvette med 505 hestekrefter. Men Staten skal ha sitt. 1.2millionar kroner, takk!

Publisert 05.06.2007 kl 10:08 Oppdatert 05.06.2007 kl 10:11

Tips ein venn på e-post:

...
SVINDYRT: Jan Erik Aasebø opplevde Gamalostfestivalen i Vik. Bergensaren rulla ned frå Vikafjellet i ein dritstilig Corvette. Foto: Gunnar Kleven
...
KALLFORMER: Corvetten har nesten like pene former som damer, eller ...?
...
RÅTT: Vidar Stadheim illustrerer breidda på bakdekket ved hjelp av peikefingeren. Foto: Gunnar Kleven

Corvette frå den amerikanske bilfabrikken Chevrolet er gutedraumen. Og kva er betre enn ein Corvette?

– To Corvetter, svarar Jan Erik Aasebø kontant og dreg opp eit glis like breitt som bakdekka.

2006-gliset stod utstilt i amcar- og veteranutstillinga – i Gamalostfestivalen. Blant ein drøss pene doningar var det kirsebærraude vidunderte eit augefang i millionklasen. Omtrent 1,9 for å vera litt presis.

Modellen er C6, motoren er V8'ar og den kom til landet måndag for halvanna veke sidan. Fire dagar seinare tok sjåføren turen over Vikafjellet. Til Vik, frå Bergen.

– Det triste med bilhandelen er det norske avgiftsnivået. Over 1,2 millionar kroner inklusive momsen. I USA får du den til 700.000 – ferdig momsa, seier Jan Erik Aasebø – stolt av bilen og sur på den norske avgiftspolitikken.

Bileigaren innrømmer galskapen av å kjøpa akkurat denne typen bil. Og la det vera sagt: Berre fire eksemplar rullar på vegnettet her til lands. Den har alt av tekniske finessar.

– Eg og kona har kvar sin bilnøkkel. Når tenninga blir vridd på, justerer setet seg ettersom det er eg eller min betre halvdel som sit bak rattet, forklarer entreprenøren og eigedomsspekulanten.

– Eg var bankmann tidlegare, då var Corvette ein draum, seier eigaren, som også har ein 93-modell i Corvette-samlinga.

Mest lese no

...

Røyk og høg varme

Nyhende Fyr i eit dieselaggregat. Les meir

...

Hopen attende med siger

Sport Ørjan Hopen var attende i Sogndal-drakta då Fyllingsdalen vart slått 4–1 i Sognehallen laurdag. Les meir

...

Vann enkelt

Sport Sogndal hadde få problem med å setja Fyllingsdalen på plass. Les meir

...

Jotun fekk juling

Nyhende Trass i massiv støtte frå eit entusiastisk heimepublikum på Leikanger, fekk jotundamene så hatten passa hjå Bækkelaget. Les meir


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.