ÅRDAL: – Det ser ikkje så aller verst ut i dag, faktisk. Det er som regel
mykje, mykje verre på 17. mai.
Sentrum i Øvre Årdal, tysdag 1. mai, klokka 05.00. For berre eit par timar sidan var det yrande liv på torget, der feststemde årdøler på tradisjonelt vis har drukke arbeidardagen inn, men dei fyrste solstrålane har framleis ikkje nådd overtoppen av Ramnefjell. Eit par ihuga festdeltakarar sìg langsamt heimover, medan føremiddagsskftet snart vil vera på veg mot porten.
Svein Indrebø og Anita Venes Aarteig er Årdal kommune sin lange arm denne maimorgonen, og rykkjer ut med alle moglege tenkjelege midlar for å sletta alle spor etter det som har vore, og gjera sentrumsområdet presentabelt til neste post på programmet.
Vaktordning
Dei tilsette i teknisk etat har innarbeidd vaktordning og står på skift opp med fuglane for å rydda opp etter festen. Meir eller mindre knuste flasker og annan emballasje av lettmetall gjev saman med diverse anna rot det elles så flotte sentrumsområdet eit nokså lurvete preg, men det varar ikkje lenge før Indrebø og feiebilen hamlar opp.
– Eg har sett verre. Det er slik det pleier å vera, og ingenting ser ut til å ha blitt øydelagd i løpet av natta, seier Aarteig, og sopar jagar vekk ein flokk måsar som ser sitt snitt til eit festmåltid i ein attgløymd potetgullpose.
Blåst og klart
Det meste av oppsopet går rett i boset, men det har stundom skjedd at dei to har funne andre saker og ting flytande rundt på torget på denne raude dagen.
– I fjor fann me ein ung kar som låg og sov oppe i trappa til Gamleskulen. Han var både tunnkledd og blåfrosen, så han fann me det best å avlevera heime på Tangen, fortel Indrebø.
Jamvel om det etter kvart dukkar opp endå fleire festløver, ser det ut til at dei alle har retningssansen nokonlunde intakt, og kommunemannskapane kan halda fram med sitt. Eit par timar seinare, i god tid før salutten går i lufta, er torget i Øvre atter blåst og klart til tog og tale.
– Det er eigentleg sjeldan folk legger merkje til at me i det heile tatt har vore her, men det skulle nok blitt oppstyr om me ikkje var det, er konklusjonen.