SOGNDAL: I 20 år har Hildur Fimreite vore fast brukar av vevstova på
Velferdssenteret.
Fleire dagar i veka er det aktivitetar for eldre – men også småbarn, på senteret.
– Eg har vore her kvar onsdag i 20 år, seier 84 år gamle Hildur Fimreite, og smiler.
Ho trivst godt med å vera på vevstova, og det har blitt ein del vovne teppe opp gjennom åra.
– Her er det fint å vera; det er tidsfordriv, seier Fimreite.
Fem andre damer er med henne denne onsdagen. Vårsola lyser og varmar opp vevstova, og kvinnene sit konsentrerte ved vevane sine og arbeider i vante rørsler.
– Det er eit veldig fint kollektiv her, seier Fatima Hadzialic.
Ho kjem opphavleg frå Bosnia og fortel at ho har gått på vevstova i sju år. Sosialt samvær er utan tvil noko av det som dreg deltakarane mest mot senteret.
– Me er på vevstova frå 10 til 14, og så tek me oss ein god kaffipause. Nokre kjem berre for kaffien, smiler arbeidsleiar Gunvor Urheim, som av dei andre damene blir kalla vevstovesjef.
I tillegg er sjølve vevearbeidet noko som gjer at dei kjem att, for har ein først byrja å veva så må ein jo gjera det ferdig.
Det er Leighs legat som eig huset. Sogndal helselag leiger hos Leighs legat, og Bjørg Neset er hyra inn av helselaget som husstyrar. Nesten kvar vekedag tilbyr Velferdssenteret aktivitetar: trim, sosialt samvær, småbarnstreff, frisør, fotterapeut, vevstove og hyggekveld. Huset blir også mykje nytta til barnedåpar og konfirmasjonar.
– Pensjonistforeininga er også flinke til å bruka huset til sine møte, seier Bjørg Neset