SOGNDAL: Elevane på Trudvang skule sparer ikkje på krutet i friminutta. I
alle fall ikkje Adrian og Johan.
Det er siste skuledag før påske og elevane på Trudvang skule i Sogndal har innteke den solfyllte skuleplassen for det som er dagens første friminutt. Klokka har så vidt passert halv elleve. I kvart einaste hjørne er jenter og gutar i leik. På vippestanga sit to jenter og spenner i frå i kvar sin ende. Ballbingen er fyllt opp med fotballspelande gutar. Mellom basketkorgene knivar to førsteklassingar i ein fartsyfyllt duell.
– Basket er kjekt! seier Johan i ein kjapp pause.
Kampen mot klassekameraten Adrian er så intens at verken han eller motspelaren har særleg tid til å prata med journalisten.
– Me spelar fotball også. Men basket er like kjekt. No øver me på grep og kast, fortel førsteklassingane og held fram jakta på nye fulltreffarar i korga før dei brått får hastverk i retning klasseromma.
– Det var fløyta for vår klasse. Me kan ikkje prata meir. No må me springa! Hadet!