Album med bilete frå Fjærland

På ein auksjon i den vesle engelske byen Chorley fann norske Lena Hamre to fotoalbum med bilete frå Fjærland.

Publisert 07.02.2008 kl 12:02 Oppdatert 07.02.2008 kl 12:02

Tips ein venn på e-post:

...
FEIRING: Marit er fire år og dagen vert feira i Fjærland i 1947.
...
JULEFEIRING: Jenta i hardangerbunad klar for julefeiring i London, jula 1937/1938.
...
VELSTÅANDE: Det nygifte ekteparet har lagt bryllaupsreisa si til Himalaya.

– Bileta er frå åra 1927–1955, med eit avbrot av 1939–1947. Ut frå bileta er det tydeleg at eigaren eller eigarane har sterke band til Vestlandet. Eitt av bileta er frå Marit sin fire årsdag i Fjærland, fortel Lena Hamre, som håpar lesarar i Sogn Avis kan hjelpa henne til å løysa mysteriet.

Tette band

Lena bur i den vesle marknadsbyen Chorley nord for Manchester. Ein dag ho var på auksjon, kom ho over dei to fotoalbuma.

– Eg skulle gjerne visst kvifor dei to albuma hamna her i den vesle byen min. Dersom det er av interesse, sender eg gjerne fotoalbuma til sitt norske opphav, seier Hamre, som ikkje er i tvil om at eigarane må ha hatt tett kontakt eller har slekt i England.

Ut frå bileta er det ingen tvil om at dei etter dåtidas målestokk, må ha vore velståande for å kunna reisa så mykje og vide. Her er mellom anna bilete frå eit bryllaup og dei nygifte på bryllaupsreise i Himalaya.

Fødseldag i Fjærland

På ein del av bileta kjem det klart fram at det har vore god kontakt til Vestlandet. Nokre av bileta er framkalla i Bergen, men diverre er det få namn.

Det beste sporet Lena har er eit bilete som viser at Marit feira fire årsdagen sin i Fjærland sommaren 1947, og eit bilete av ei bunadskledd jente framfor juletreet i London, jula 1937/1938.

– Eg håpar Sogn Avis-lesarar som kan hjelpa meg å finna fram til kven som har vore eigarar av fotoalbumet. Like eins vil det vera kjekt å få vita historia bak fotoalbuma og korleis dei enda på ein auksjon her i byen min, seier Lena Hamre.

Mest lese no

...

Hopen attende med siger

Sport Ørjan Hopen var attende i Sogndal-drakta då Fyllingsdalen vart slått 4–1 i Sognehallen laurdag. Les meir

...

Røyk og høg varme

Nyhende Fyr i eit dieselaggregat. Les meir

...

Jotun fekk juling

Nyhende Trass i massiv støtte frå eit entusiastisk heimepublikum på Leikanger, fekk jotundamene så hatten passa hjå Bækkelaget. Les meir

...

Vann enkelt

Sport Sogndal hadde få problem med å setja Fyllingsdalen på plass. Les meir


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.