17. mai 1947.
– Biletet er teke frå 2. etasje i det raude huset som stod der. Farbroren min, Lars Vigdal, budde der då, og eg fekk vera med faster, Anna Hansine, for å møta Kari-faster som skulle koma frå Amerika med by-båten den dagen, fortel Astri Fossøy i Høyheimsvik.
Men først var det stor 17. mai-feiring både på Hermandsverk, ved barneskulen på Nybø og i Lunden.