Systrendingar i Luster

Ingen i Luster kjende att dei ti personane på biletet. Dei måtte få hjelp frå Leikanger og Oslo.

Publisert 23.10.2007 kl 10:53 Oppdatert 23.10.2007 kl 10:54

Tips ein venn på e-post:

...
HAUGEN: I finstasen sin har familien Haugen stilt seg opp for å verta fotograferte av Samson Brathole.
...

– Biletet er av besteforeldra mine, fortel Anna Eggum som er fødd Haugen og bur på Leikanger. Syskenbarnet hennar, Svein A. Haugen i Oslo, var også rask med å kontakta Sogn Avis om personane på biletet i den store historiske fotosamlinga.

Budde i Luster

Så det var ikkje rart at ingen i Luster visste kva personane på biletet heitte. Fotograf Samson Brathole har nok knipsa den store familien då Andreas Haugen, far til Svein A. Haugen, var driftsstyrar i Luster e-verk, og seinare Leikanger e-verk.

At Svein A. Haugen arbeidde og budde nokre år i Luster, er forklaringa på at Brathole har fotografert familien. Og slik er eitt av dei vel 800 bileta i den store fotosamlinga som Sogn og Fjordane fylkesarkiv, De Heibergske Samlinger – Sogn folkemuseum og Luster sogelag no arbeider med å samla inn namn på dei som er fotograferte, kvar bileta er tekne og når.

Svein A. Haugen oppgjev namna slik:

1. Anna, farmor mi.

2. Svein, farfar min, smed og telefonoppsynsmann, busett på Sanden, ved Sandgroi på Leikanger.

3. Erling, telefonoppsynsmann Sogn, overtok foreldregarden (far til Anna)

4. Kristi, husstyrar for Hans Dahl (kunstmålar) på Balestrand og i Berlin, seinare husstyrar ved Sebblow Stiftelse, Oslo.

5. Helga, jordmor på Leikanger, busett i Strandavegen (no nr. 38).

6. Kristina Husabø i Krokagarden.

7. Gudrun, på slutten husstyrar i Skrivargarden.

8. Anna, budde hjå foreldra.

9. Gunnhild, husstyrar barneheim i Bergen.

10. Andreas, far min, driftsstyrar Luster e-verk, seinare Leikanger e-verk, busett i Svingen på Hanehaug.

Mest lese no

...

Hopen attende med siger

Sport Ørjan Hopen var attende i Sogndal-drakta då Fyllingsdalen vart slått 4–1 i Sognehallen laurdag. Les meir

...

Røyk og høg varme

Nyhende Fyr i eit dieselaggregat. Les meir

...

Jotun fekk juling

Nyhende Trass i massiv støtte frå eit entusiastisk heimepublikum på Leikanger, fekk jotundamene så hatten passa hjå Bækkelaget. Les meir

...

Vann enkelt

Sport Sogndal hadde få problem med å setja Fyllingsdalen på plass. Les meir


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.