Dette familiebiletet veit dei ved fylkesarkivet ingenting om i det heile.
For å få namn på personane er dei heilt avhengig av hjelp frå lesarane. Kjenner nokon att si eiga slekt/familie på biletet?
Det var i fjor haust dei starta arbeidet med å samla inn og å registrera dei nærare 800 bileta i samlingane etter Samson Brathole og amatørfotograf Johan R. Døsen. Medlemene i Luster sogelag har gjort ein stor innsats, og viktig lokalhistorisk kunnskap er sikra for ettertida.
Men framleis står mykje att for å spora seg fram til namna på personane og kvar bileta er tekne.
I samarbeid med De Heibergske Samlinger – Sogn folkemuseum og Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, arbeider Luster sogelag med å samla inn informasjon til dei to fotosamlingane som har stor lokalhistorisk verdi. Fylkesarkivet oppmodar alle interesserte til å hjelpa slik at ein kan sikra viktig informasjon for ettertida.
Interesserte kan også kontakta Luster sogelag ved Bjørg Hovland eller Trygve Skjolden, dersom dei har opplysingar om personane på biletet.
Fotograf er Samson Brathole.
Når opplysningane om biletet er ferdigregistrerte og kvalitetskontrollerte, vil "fasiten" bli publisert på fylkesarkiv.no