Elevar tidleg på 1900-talet

Elevar og tilsette ved Gaupne skule fint stilte opp tidleg på 1900-talet.

Publisert 16.08.2007 kl 14:19 Oppdatert 19.09.2007 kl 12:31

Tips ein venn på e-post:

...
GAUPNE SKULE: Elevar og tilsette på Gaupne skule fotograferte tidleg på 1900-talet. Kva er namnet på lærarane og elevane, og når er bilete teke?
...
PERSONKART: Kan du hjelpa, så kontakt Bjørg G. Hovland eller Trygve Skjolden.

Her er eit nytt biletglimt frå gamle Luster.

I november i fjor starta arbeidet med å samla inn og registrera tekstar til to store biletsamlingar frå Luster. Samson Brathole var fotograf og den store samlinga med glasplater etter Brathole fekk De Heibergske Samlinger – Sogn folkemuseum i gåve frå Olav H. Lavoll i 1979. Biletsamlinga frå amatørfotograf Johan R. Døsen fekk museet i 1998. I alt utgjer dei to samlingane nær 800 bilete. I samarbeid med De Heibergske Samlinger – Sogn folkemuseum og Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, har Luster sogelag vore sterkt engasjert i arbeidet med å samla inn informasjon til bileta. Sogn Avis presenterer nokre av bileta frå gamle Luster, og lesarane har òg vore gode medhjelparar.

Fylkesarkivet oppmodar alle interesserte til å bidra med opplysningar om bileta. Informasjonen som vert samla inn, vert elektronisk registrert i Fylkesarkivet sin database. Dermed vert alle bileta tilgjengelege for alle interesserte på Fylkesarkivet sin nettstad.

Ved å velja foto og søkja på Brathole og/eller Døsen, vil du kunna følgja med i korleis arbeidet med dei to samlingane går framover.

Veit du kven personane på bileta kan vera?

Kontakt Luster sogelag ved Bjørg G. Hovland eller Trygve Skjolden.

Når opplysningane om biletet er ferdigregistrerte og kvalitetskontrollerte, vil "fasiten" bli publisert på fylkesarkiv.no

Mest lese no

...

Hopen attende med siger

Sport Ørjan Hopen var attende i Sogndal-drakta då Fyllingsdalen vart slått 4–1 i Sognehallen laurdag. Les meir

...

Røyk og høg varme

Nyhende Fyr i eit dieselaggregat. Les meir

...

Jotun fekk juling

Nyhende Trass i massiv støtte frå eit entusiastisk heimepublikum på Leikanger, fekk jotundamene så hatten passa hjå Bækkelaget. Les meir

...

Vann enkelt

Sport Sogndal hadde få problem med å setja Fyllingsdalen på plass. Les meir


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.