...
Festivalsjef Knut Myking har vore ute og testa festivalsnøen. (Foto: Håvard Nesbø)

Fjellsport-tv på nettet

Under Fjellsportfestivalen kan du sjå daglege videooppdateringar på sognavis.no.

Sogn Avis E-post
Publisert 16.02.2012 kl 19:00 Oppdatert 16.02.2012 kl 20:29

Tips ein venn på e-post:

Me går nok ei spennande vinterveke i møte, med full trøkk på Meieriet og Studentveka, og ein fjell­sportfestival som er tøffare brattare og friare enn nokon gong.

Det er mykje som skal dokumenterast og i tillegg til reportasjar og foto i papirutgåva og på sognavis.no, får du også videosnuttar frå aktivitetane under festivalen på nettavisa.

– Me skal prøva å dekkja dei fleste aktivitetane. Det blir korte kommentarar frå deltakarar og arrangørar, og så vil me syna dei som ikkje har høve til å vera her, kva som går føre seg under ein fjellsportfestival, seier prosjektansvarleg Håvard Nesbø.

Han står bak Sogn Avis si nysatsing saman med Jon Husabø og Ørjan Talle.

– Planen er at me skal gje sjåarane 3–5 minuttar med film frå og med tysdag til laurdag under festivalveka. Dette som eit supplement til vanlege redaksjonelle saker, fortel Ørjan Talle.

– Det kjem ein forsmak til helga, når Balestrand Open går av stabelen for fyrste gong. Dei som framleis lurar på kva jibbing er for noko, får då ta dette nærmare i augesyn. Me vil laga til ein liten film som kjem ut på nettet rett over helga, seier Nesbø.

Han lovar også filmsekvensar ikkje berre frå kva som skjer i Sogndalsfjøra, men også i fjella i Sogndalsdalen. Og ikkje minst stemningsrapport frå festivalkveldane og premieutdelingane på hotellet.



På forsiden nå


...

Cruisefest i Flåm

Nyhende 5600 passasjerar på land frå tre skip. Ved cruisekaien ligg giganten «Independence of the Seas». Les meir

...

«I natt kjem det»

Nyhende Ny teateroppsetjing frå teatergruppa i Skogly. Les meir

...

Grønt lys for opprydding

Nyhende Skjerdølene får provisorisk veg i løpet av dagen. Les meir

...

Topp idrettsprosjekt

Sport Fem år med intenst arbeid innan prosjektet topp-idrettsutvikling går no mot slutten. Les meir

Til Grasrotandelen

Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no
Me gjer merksam på at denne nettavisa blir
samla inn og lagra av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg som
kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.