| Anne Gro Fredheim | |
| Publisert 19.02.2004 kl 00:00 Oppdatert 19.02.2004 kl 12:48 |
For knappe 11 millionar har familien Fransen sikra seg einebustad, ei kro og elleve hytter. Staden heiter Hafslotun, ligg eit steinkast frå skisenteret på Heggmyrane og har nydeleg utsikt over Hafslo. Med kjøpet er også den førre gjestgivaren, Christian Geerlings, også han med nederlandsk opphav.
– Chris er heldigvis villig til å vera med det første året. Både eg og kona har gått på norskkurs sidan i september i fjor, men me kan ha bruk for litt hjelp – ikkje minst til å ta telefonen, seier Paul Fransen.
Felles kjende
Paul er konditor av yrke, og heime i Nederland har han selt unna konditoriet som familien har drive i fleire generasjonar. Lysta til å oppleva noko nytt, og å busetja seg i eit anna land, har vore der lenge. Paul har allergi, og er overtydd om at Noreg vil vera ein god stad å bu, både for han og familien. På leit etter ein ny stad å bu, har han vore så langt som nord for Bodø for å sjå på ein gard.
– Endå godt at du ikkje hamna så langt nord! Hafslo er mykje betre, skryt Christian Geerlings. Chris og Paul fann raskt ut at dei har felles kjende. Chris kjenner svigerforeldra til Paul, og har jamvel møtt kona hans. Rett nok er det tjue år sidan, men likevel.
– Det er veldig kjekt at det kjem ein ny nederlandsk gjestgivar på staden, smiler Chris.
Han fyller 63 år i neste månad, og meiner at slitasjegikta tek til å leggja ein dempar på energien. Når kjøparen nærast ramla inn døra, var det uråd å ikkje takka ja.
Blir på Hafslo
– Men eg vert ikkje pensjonist med ein gong, understrekar Chris.
Nett no er han på jakt etter ein stad å bu på Hafslo. Paul og familien hans skal flytta inn i einebustaden, eller julehuset, på Hafslotun.
– Selde du julelysa også?
– Alle saman, stadfestar Chris.
63-åringen er sjølvutnemnd ambassadør for Luster, og har tenkt å halda fram i vervet.
– Eg vil bu her om sommaren, og ein varmare stad om vinteren. Kanskje Brasil, tenkjer Chris.
Han har gode kontaktar i heimlandet, og ikkje utan grunn er svært mange av gjestene på Hafslotun nederlendarar. Den tidlegare Hafslotun-eigaren reiser ikkje på langtidsferie før han ser at Paul og Franka greier seg utan hans hjelp.
Glad Grov
– Hafslotun er fullbooka frå slutten av juni til ut i august, seier den nye eigaren nøgd.
Han har vore på Hafslo i to veker utan familien, og har jobba som ein maur.
– Eg skulle ynskt eg hadde slik energi, sukkar Chris.
– Du! ropar næringssjef Olav Grov.
Næringssjefen i kommunen ville møta både den gamle og nye eigaren, og tykkjer Chris er meir enn kledeleg smålåten.
– Du har jo alltid vore heilt propell! Flink med internett har du aldri vore, men ein tiger med hammar, gliser Grov.
Han tykkjer det er godt å høyra at også den nye eigaren er av det praktiske slaget, og elles er han glad for at Luster kommune får fire nye innbyggjarar.
– Eg er veldig glad for alt som smakar av satsing i reiselivet, og så er det sjølvsagt flott at Hafslo får fire nye innbyggjarar.
Held fram å baka
Paul Fransen har alt sett seg fleire mål for kva han vil gjera på Hafslotun. Eitt av måla er å utvida sesongen i begge retningar. Mai og september er viktige månader i denne samanhengen. Marknadsføring vert eit anna satsingsområde – Paul har alt byrja overfor konditorikundane sine heime i Nederland. Gjestgivaren kjem heller ikkje til å gløyma det gamle yrket sitt. Ein del av bakeutstyret er med på flyttelasset til Hafslo, og både turistar og andre krogjester kan gleda seg til konditorbakte godsaker og bugnande dessertbord. Paul ser heller ikkje vekk frå at konditorvarene kan ha ein marknad utanfor Hafslotun, i alle fall vinterstid, når det ikkje er så travelt på Hafslotun. Til julebordssesongen dette året vert Hafslotun jamvel forsterka med ein ekstra konditor.
– Far min har lova å komma til jul. Han er sjokolade-eksperten i familien, seier Paul.
Står på ski
Dei to gutane til Franka og Paul heiter Tom og Bob. Dei er elleve og åtte år, og tek til på skulen på Hafslo måndag 8. mars.
– Me gler oss alle fire til å komma i gang, seier Paul. Denne veka reiste han heim att til Nederland, men om to veker kjem heile familien til Hafslo.
– Det er svært viktig at me får eit par månader på oss før høgsesongen tek til, seier Paul.
Både han og kona skal ha arbeidsstaden sin på Hafslotun, og får også med seg dei tilsette frå Chris si tid. Hafslotun har over 100 senger totalt, og plass til 120 gjester i kroa. Heile anlegget vert rekna til tre årsverk, og familien har mykje å gjera seg kjend med. Kanskje vert det også tid til å dyrka litt private interesser. Paul har notert seg at nærmiljøet har litt å by på.
– Me er veldig glade i å stå på ski og snøbrett heile familien, seier den nye gjestgivaren.
Nyhende Dronninga vitja torsdag Ornes der ho mellom anna deltok i gudsteneste i stavkyrkja og planta pommetre. Les meir og sjå bilete
Nye kommentarar