Veitastrond serieklar

Sogndal: Eit nytt fotball-eventyr kan vera i emning. Veitastrond stiller lag for første gong i seriesystemet. Arvid Heggestad (50) er med på å tilføre laget nyttig rutine.

Siste nytt frå sporten

...

Vil framleis ha Hovland

Sport Molde har ikkje tenkt å gje opp å skaffa seg Even Hovland. Les meir

Ev 16 Håbakken - Borlaug, (Stuvane - Seltun)
Redusert framkomst:
Redusert framkommelighet, stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av s...
Ev 39 Nordfjordeid - Lote ferjekai (Lote tunnel)
Redusert framkomst:
Kan bli stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av vegarbeid i periode...
Ev 39 Nordfjordeid - Lote ferjekai (Lote tunnel)
Redusert framkomst:
Stengt i korte perioder og manuell dirigering på grunn av vegarbeid i periodene...
Rv 13 Vikafjellet
Redusert framkomst:
Kan bli stengt i perioder på inntil 20 minutter på grunn av vegarbeid i periode...
Rv 15 Måløy - Nordfjordeid, ved Haugland
Redusert framkomst:
Kan bli stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av vegarbeid i periode...
Fleire meldingar Kjelde: Statens vegvesen
Publisert 09.01.2004 kl 16:23 Oppdatert 09.01.2004 kl 16:23

Tips ein venn på e-post:

...
HEGGESTAD UNITED: Arvid Heggestad (50) har rutinen som skal til for å visa ungkalvane veg. Far sjølv er ein av åtte spelarar på laget med etternamnet Heggestad.

Draumen om seriekampar på Veitastrond vil bli oppfylt alt til sommaren. Når graset endeleg blir grønt under breen, vil det bli opning av nye Leikvoll stadion. I mellomtida må Veitastrond berre spela bortekampar.

Heile 21 spelarar har Veitastrond i stallen som må kjempa om plass på det historiske laget. Dei fleste har røtene sine på Veitastrond, ein tredjedel av troppen bur på Veitastrond i dag.

8 x Heggestad

Veitastrond har ei spelargruppe som utfyller kvarandre bra. Når yngstemann er bare 16 år, er det bra at laget og har meir røynde karar som 50 år gamle Arvid Heggestad. Sju-åtte av spelarane på laget stiller med etternamnet Heggestad på ryggen. Fire av spelarane er fetrane til Kurt Heggestad, Veitastrond sin store «Idol-Kurt». Kjærasten til Kurt Heggestad, Silje Christine Indrebø Nygård, er også med på laget. Ho spelar på dispensasjon frå fotballkrinsen.

Trenar Frank Heggestad avviser at det kan vera aktuelt å henta Kurt Heggestad frå eliteserielaget til Sogndal, men flankespelaren var med på dei første treningane. Veitastrond starta nemleg sesongoppkøyringa før Sogndal.

Betre enn Hafslo

Litt spesielt er det og at Veitastrond med sine 150 innbyggjarar klarar å stilla lag, medan Hafslo med over 1000 innbyggjarar i år ikkje har lag.

– Det er litt løge. Det er Hafslo alle strendingane har spelt på, seier Frank Heggestad.

Hafslobygdingane er kjende for å prøva å halde strendingane nede så godt dei kan. No kan den undertrykte veslebroren bryska seg over for hafslobygdingane. Frank Heggestad har høyrt litt murring på Hafslo for at dei stiller lag, men forholdet mellom bygdene er ikkje verre enn at ein hafslobygding er teken opp i troppen. Fleire av dei utflytte veitastrendingane bur i dag på Hafslo.

Ein draum

Frank Heggestad er trenar og var den som kom opp med ideen. Saman med Emil Heggestad sat han og hamra på huset sitt, då tanken om at det hadde vore bra med eit eige fotballag på Strondi kom opp. Tanken var tenkt før som ein draum, men ingen hadde prøvd å setja den ut i livet.

– Same kvelden byrja me å ringja rundt og fekk med ein god del folk, fortel Frank.

– Det er moro berre å kunne spela kampar på Veitastrond.

Veitastrond har hatt grasbane lenge. Nye Leikvoll Stadion er utvida framfor seriedebuten. Opningskampen blir i slutten av juli. Veitastrond blir dermed ein av få 6. divisjonklubbar som kan visa til eiga grasbane.

Far sjølv er klar

Arvid Heggestad hadde aldri drøymt om å få spele heimekampar på Strondi. I alle fall ikkje etter at han hadde passert 50 år. Med kondisjon som sitt fremste kjennemerke, ser han fram til nokre raid på Veitastrond si høgreside denne sesongen. Det er over ti år sidan han opphavleg la opp som hafslospelar, men det vart eit par kampar som innbytar for nokre år sidan.

– Dette er kjempemoro. Det er godt gjort å få med så mange. For bygda er laget nytt pust, og eg trur mange vil møta opp på kampane for å støtta.

Arvid Heggestad vedgår at Kurt Heggestad er inspirator og førebilete for heile laget.

– Han er ein liten helt her framme. Han er eit godt eksempel på at det er mogleg å koma seg fram sjølv om ein er frå ein liten stad, seier Arvid som er onkelen til Kurt.

Laget har så langt ikkje sett seg noko langsiktig sportsleg målsetting, men trenar Frank Heggestad opplyser at dei ikkje har like ambisiøse mål som Stabæk sette i si tid med cupfinalespel og semifinale i Champions League.

...

Kortare periode med rypejakt

Nyhende Det kan gå mot ein mager sesong for småviltjegerane på Vikafjellet. Les meir

...

Sommarpatrulje-finalen avlyst

Nyhende Av ulike årsaker har me valt å avlysa finalen for Sommarpatruljen til Sogn Avis. Me vil likevel plukke ut vinnarar av SognaQuiz og SognaTriks. Les meir

Dronninga planta plommetre

Nyhende Dronninga vitja torsdag Ornes der ho mellom anna deltok i gudsteneste i stavkyrkja og planta pommetre. Les meir og sjå bilete

...

Vil framleis ha Hovland

Sport Molde har ikkje tenkt å gje opp å skaffa seg Even Hovland. Les meir

...

Innspurt for sommarfoto

Nyhende Har du fine sommarbilete og vil vera med i konkurransen om kurs frå Sogn Avis? Les meir

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.