Sogn og Fjordane fylkeskommune lyser igjen ut tilskot til miljøsertifisering av små og mellomstore bedrifter. Målet er å stimulera fleire til å verte miljøsertifiserte. Denne gongen er det 150 000 kroner som skal delast ut. Fristen for å søkje om tilskot er 20. oktober.
Verksemder som ønskjer å verte miljøsertifiserte, kan søkje om refusjon av inntil 50 prosent av sertifiseringskostnadene. Noko som svarar til eit maksimalt beløp på 20 000 kroner.
Totalt har 27 bedrifter i fylket fått midlar til sertifisering sidan oppretting av ordninga i november 2010. PGP AS, Gloppen Hotell, Henden Elektro AS og Innvik Fjordhotel er blant bedriftene som har fullført miljøsertifiseringa.
Mykje å spara
Verksemder som miljøsertifiserer seg må garantera at dei tek miljøansvar- og forbetring på alvor. Det kan veljast ulike sertifiseringsordningar alt etter kva type verksemd ein er, og kva ambisjonar ein har.
– Dei aller fleste norske verksemder har eit stort ikkje-utnytta potensial for sparing innanfor område som energi, papirbruk, avfallssortering, transportbruk og liknande. Ved å miljøsertifisere verksemda kan dei spare både miljøet og pengar, seier Elisabeth Veivåg Helseth, som er klimakoordinator i Sogn og Fjordane fylkeskommune i ei pressemelding.
Halvparten av kommunane i Sogn og Fjordane er i dag medlem i Miljøfyrtårn-ordninga. Fleire andre vurderer eit slikt medlemskap.
Satsar på miljøfyrtårn
Fylkeskommunen bruker Miljøfyrtårn-ordninga aktivt. Fylkeshuset i Leikanger vart miljøfyrtårnsertifisert i desember 2009, og det er lagt opp til miljøfyrtårnsertifisering i resten av dei fylkeskommunale verksemdene også.
Eid vidaregåande skule er miljøfyrtårn. Hafstad vidaregåande skule og Sogn Jord- og Hagebrukskule starta arbeidet med miljøfyrtårnsertifisering hausten 2011. Våren 2012 var det oppstart for miljøfyrtårnsertifisering ved Sogndal, Øyrane, Stryn, og Dale vidaregåande skule.