Paviljongen som vart taua frå Vikjabukta og utover fjorden til Framfjorden vart observert på veg inn att i det litt utidige vêret seinare på dagen som slepet vart utført. Men vakne fjordingar oppdaga rømmingsforsøket tidsnok og fekk huka tak i kulturbygget.
Sogn Avis skreiv tidlegare denne veka om det 20 år gamle landemerket på Vikøyri som ikkje lenger inngår i kommunen sine planar for sjøfronten i kommunesenteret. Paviljongen som vart bygt på dugnad av Vik Musikklag i 1990, vart letta frå bakken og slept sjøvegen til Framfjorden, til den nye eigaren Framfjorden bygdeutval.